Drukningsulykka var eit faktum da ein irsk padlar vart henta opp livlaus med helikopter i 18.30-tiden mandag. Kameratgjengen blir nå teke vare på av kriseteamet i Vågå.
- Det var fem kameratar frå Irland med kajakk som sette utfor frå Ridderspranget i Vågå. Alle i 20-åra. 500 meter nedanfor start møtte dei på eit fossefall og her såg dei på ruta. Fyrstemann gjekk under og velta rundt og ein anna ein i følgjet gjekk også rundt. Den eine klarte å kome seg inn på land på eige hand, mens den andre flaut nedover elva. Da sprang den eine opp på Ridderspranget og fekk tak i ein telefon hjå ein turist og varsla oss. Etatar frå Vågå og Otta reiste ut, samt at luftambulansa vart kalla ut. Også Røde Kors-folk frå området vart kalla ut, seier lensmann Tor Trønnes frå Vågå lensmannskontor.
Han opplyser til GD at kameratgjengen er erfarne padlarar og den omkomne 25-åringen har padla i fem år.
- Dei veit at dei driv ein risikosport og at ruta er vanskeleg. Dei tek det bra, men ein av dei er i sjokk. Kriseteamet i Vågå tek seg av dei nå, seier Trønnes
Stor redningsaksjon
Det var ved 14.30-tiden at politiets operasjonssentral fekk melding om at det var funnet ein livlaus mann like ved et sandtak nedenfor Ridderspranget.
Det ble iverksatt ein stor redningsaksjon med luftambulansen fra Dombås og Røde Kors-folk som forsøkte å ta seg ned til mannen. Fire lokale raftingselskap var også i elva for å redde opp mannen, som ifølge politiet lå og flaut med vannmassene nedover elva. Forholda gjorde imidlertid redningsarbeidet vanskeleg. Det er eit særs utilgjengelig område der den livlause mannen flaut, med bratte bergveggar og djupe kulpar.I tillegg er vannføringa i elva stor. Fyrst fire timer seinare vart mannen henta opp av elva ved hjelp av helikopteret fra Dombås ved Åsengjuvet like ved Heidal sentrum.