Samstundes med at kommuneleiinga legg fleire store utbyggingprosjekt på is, blir det lansert ny iskrem frå Vågå. Tirsdag fekk formannskapet dobbel dose.
I dag fra kl 12.15 til 13.15 var landbruks- og matminister Lars Peder Brekk hos GD for nettprat om framtidas landbruk i dalen.
| I dag | I morgen | |||
| Lesja | 13.7° | 14.4° | ||
| Otta | 15.7° | 16.4° | ||
| Gausdal | 14.8° | 16.8° | ||
| Lillehammer | 14.8° | 18.0° | ||
| Ringsaker | 15.6° | 19.7° | ||
| Ketil Sandviken | |
| Publisert 22.11.2007 kl 12:09 Oppdatert 22.11.2007 kl 12:09 |
VÅGÅ: - Ja, du kan godt hevde at dette er symbolsk. Vi må kjøle ned ambisjonane våre, seier Rune Øygard. Med eit budsjett der fleire store utbyggingsprosjekt er lagt på is, nytta ordføraren høvet til å servere formannskapet rykande kald super premium iskrem frå Vågå.
Sist laurdag kom Charlottes iskrem i gang med prøveproduksjonen i Schrøderbygget i Vågåmo industriområde, og tysdag fekk formannskapet prøvesmake tre forskjellige dessertisar: kaffe, sjokolade og vanilje. Det fall nok i betre smak enn budsjettet.
Formannskapet godkjente budsjettframlegg heilt utan endringar, og administrasjonssjefen hausta mykje ros for godt arbeid i ei vanskeleg tid. Det er full semje om at det vil vera uforsvarleg å byggje nytt helsesenter til 20 millionar kroner, og det svir meir at utbygging av Vågåmo skule ligg an til å bli utsett med halvtanna år.
Det ligg an til ei påplussing på 300.000 - 400.000 kroner. Budsjettmøtet var tidfesta til 11. desember, men er utsett til 18., slik at dei folkevalde får ei veke ekstra på å områ seg.
- Vi må berre innsjå at det er strammare rammer enn vi hadde håpa og trudd, og meir enn frykta, men vi har likevel eit høgt tenestenivå i Vågå, seier Rune Øygard. Ordføraren set sin lit til at Sørheimutvalet innstilling kan gje seks millionar kroner ekstra neste år.