Laurdag gifter Tora Berger (29), historisk OL-vinnar og æresborgar i Lesja, seg i Lesjakyrja. Denne veka lada ho opp med snorklipping.
Det var ei beskjeden OL-dronning som klippa snora da det nye kulturhus i Lesja vart åpna. Framme på scena sa ho ikkje noko.
- Det skjer så mykje, og det skjer på eit heilt anna nivå enn då eg var elev på Lesja skule. Her var det mange talent som hadde fortent å få klippe snora heller en meg, seier Tora.
Bryllaup laurdag
Tora ynskjer minst mogleg oppmerksomheit om bryllaupet i Lesjakyrkja laurdag.
I det stille, har ho, familien hennar og Trond Tveldal planlagt bryllaupsfesten eit års tid. Dei har vore saman i meir enn ti år, og har kjøpt seg hus i Meråker sentrum på solsiden.
Etter at Tora og Trond har lova kvarandre evig truskap for Dovrepresten Hans-Jacob Dahl laurdag, skal eit 50-tals gjestar reise til ein utandørs bryllupsfest utanfor vårt distrikt.
Dei er båe interessert i jakt og friluftsliv. Da GD snakka med ho i vinter og sporde kvar bryllupsreisa går, svara Tora leande:
- Det blir vel ein fisketur i fjellet.
Cache-Control: max-age=300, groups=/componada-fibba, /error500
X-Trace-App: [componada ; fibba.api.kunder.linpro.no ; Wed May 23 14:11:58 CEST 2012]
Birkebeinerrittet ble en gjørmete opplevelse.
Se alle bildene og les alle historieneSend ditt bilde til sporten@gd.no og laget ditt kommer i avisa og her på nettet.
Se alle bildene