130 mjølkebruk har vorte nedlagt i kommunane Lom og Skjåk dei siste 20 åra. Samfunnsøkonomisk Analyse AS gjennomførde i år ei analyse for meierisamvirket Tine. Undersøkinga syner at ein mjølkeprodusent i gjennomsnitt skapar 2,4 årsverk utanom gardsbruket. Tenk på alle tenestene eit mjølkebruk er avhengig av. Mekanikare, handtverkare, dyrlækjarar, kraftforleverandørar, maskinleverandørar, produsentrådgjeving osv. Legg ein desse tala til grunn har det vorte borte godt over 300 årsverk i Ottadalsregionen dei siste 20 åra. Mjølkeprodusenten som vel å legge ned produksjonen, kjem i tillegg.

Det er ingen som går i fakkeltog, skriv sinte lesarinnlegg eller politikarar som byr over kvarandre med tiltakspakker når eit mjølkebruk legg ned produksjonen. Det bør i aller høgaste grad ringe ei bjølle når ei fjøslampe blir sløkt og eit mjølkeanlegg blir demontert.

Mjølkeproduksjon er ein viktig motor i norsk landbruk og ein viktig motor for distrikta. Dyktige mjølkeprodusentar, kombinert med ein svært kompetent foredlingsindustri, omdannar gras på inn- og utmark til eit produkt som held verdsklasse. Slagordet «Kanskje verdas finaste mjølk» er absolutt truverdig.

Dessverre er det ingen tvil om at norsk mjølkeproduksjon er i fare slik vi kjenner det i dag. Dårleg lønnsemd, kombinert med store investeringsbehov, gjer at talet på mjølkebruk vil fortsetta og rase nedover om det ikkje blir gjennomførd naudsynte grep.

Frå 2034 skal alle båsfjøs vera ombygd til lausdrift. I Lom og Skjåk har nesten 70 prosent av mjølkebruka framleis båsfjøs. Noko som på ingen måte er unikt for desse kommunane. På landsbasis er det 60 prosent av mjølkebruka som enda ikkje har lagt om til lausdrift. Nedgangen i talet på mjølkebruk er stor over heile landet. Det er ikkje berre Lom og Skjåk som vil bli råka av ei massiv nedlegging om det ikkje blir sett i verk kraftfulle tiltak.

Prosjektet «Laus ku og framtidstru» er eit samarbeidsprosjekt med blant anna landbrukskontoret i Lom og Skjåk og Tine i spissen. Prosjektet skal stimulere gardbrukarar til omlegging frå båsfjøs til lausdrift, og bidra til å oppretthalde talet på mjølk- og storfekjøttprodusentar. Dette er utan tvil eit positivt tiltak for å få gardbrukarar til å satse vidare.

Det er likevel ingen tvil om at dei største insentiva må koma frå staten. Det er Stortinget som har vedteke at all ku- og ammekuproduksjon skal over i lausdrift og dette vedtaket må dei ta konsekvensen av.

Landbruksminister Sandra Borch (Sp) har byrja dette arbeidet bra ved å løyve 200 millionar kroner utanom det ordinære landbruksoppgjeret. I tillegg må lønnsemda i produksjonen opp. Det har ikkje mykje for seg å investere i noko som ikkje gjev fortenest. Blant anna må landbruket må få ein større del av kaka som daglegvarekjedene stikk av garde med i dag. WTO-avtala må også utfordrast slik at ein i større grad greier å skjerme norske meieriprodukt. Ei styrking av norske mjølkebruk er ikkje gratis. Likevel er det liten tvil om at konsekvensane er langt større. For distrikta og for norsk matproduksjon.

Aud Hove og Asbjørn Stensrud, Senterpartiet