Å bli deltakar og skattebetalar

Av
DEL

leserinnlegg
Når du kjem ny til Norge er det for dei fleste ein omfattande prosess å bli integrert. Fyrst og fremst må du lære språket. Du skal få gå på eit introduduksjonsprogram: Norskkurs og generell orientering om det norske samfunnet. I Lillehammer kommune er dette organisert gjennom Voksenopplæringa. Teori kombinert med språkpraksis på ein arbeidsplass. Erfaringa med dette er, etter det eg veit, svært god.

Men for å bli med på dette er det ikke nok at du er ny i Norge og motivert for å kvalifisere deg for eit yrke : Kom du hit som ektefelle (”familiegjenforening”) får du ikkje gjennomføre dette. Du blir parkert på eit sidespor. Du skal klare deg sjølv, ikkje vent noko av samfunnet. Er det lurt? Spørsmålet går til Liullehammer kommune og NAV.

Terje Heltzen Wold, Gausdal

Skriv ditt leserbrev her «

DELTA I DEBATTEN! Vi oppfordrer leserne til å bidra med sine meninger, både på nett og i papir

Artikkeltags