Gå til sidens hovedinnhold

Å rette baker for smed

Leserbrev Dette er et debattinnlegg, skrevet av en ekstern bidragsyter. Innlegget gir uttrykk for skribentens holdninger.


Dette uttrykket har sitt opphav i eit dikt som Johan Hermann Wessel skreiv i 1777 under tittelen «Smeden og bageren». Handlinga er lagt til ein liten by der dei hadde ein smed og to bakere. Smeden hadde tatt livet av ein av sine medborgarar og vart stilt for retten. Straffa for eit slik brotsverk var dødsdom. Under rettssaka stod nokre av byens beste borgarar fram og sa at dei hadde berre ein smed i byen, og dei kunne ikkje miste han. Men dei hadde to bakarar, og ettersom den eine av desse var litt gamal og skrøpeleg så kunne dei vel avstå han. Den aldrande bakaren vart så dømt til å bli hengt for å stå til rette for brotsverket smeden hadde utført, trass i at han var heilt uskuldig. Smeden gjekk fri trass i at han var den skuldige.

For min del fekk eg klare assosiasjonar til smeden og bakaren da eg i nettutgåva til GD, for eit par veker sidan, las eit stort oppslag om sal av to bustadhus i Lom – lagt ut for sal av Lom kommune. Avisa var sterkt kritisk til at dei vart selde vesentleg billegare enn taksten, og at det mangla grunngjeving i møtereferatet kvifor formannskapsmøtet vart lukka under handsaminga av saka.

Nå er det eingong slik at ei takst på litt eldre hus og i litt dårleg forfatning, er ein ting, det avgjerande er kva marknaden er villig til å betale. At grunngjeving for lukking av eit møte manglar, ser eg ikkje på som ei stor sak så lenge det var interne vurderingar i kommunen som var årsaka til lukkinga. Det var mitt klare inntrykk da eg las dette innslaget at GD var sterkt kritiske til måten administrasjonen i Lom kommune hadde handsama denne saka på. Det synest eg er svært urettferdig. Årsaka er nok at redaksjonen ikkje i tilstrekkeleg grad har sett seg inn i kva det har vore jobba med når det gjeld kommunalt eigde bustader i Lom det siste året.

Da eg som nyvald representant i kommunestyre hausten 2019 stilte spørsmål til administrasjonen, vart eg nesten sjokkert over kor liten oversikt dei hadde over kommunale bustader, og at det var totalt mangel på strategi for forvaltning av dei. Den 28. januar i 2020 tilsette kommunestyret ny administrasjonssjef, noko som kan kallast eit tidsskilje i Lom kommune. Nå er det langt større vilje til å ta fatt i ting vi politikarane gjev signal om bør takast tak i.

Delvis etter signal frå oss i samfunnsutvalet, men mest etter eige initiativ, har administrasjonen det siste året jobba godt for at vi skal få ei god forvaltning av dei kommunale bustadane, og der målsetninga er at flest mogleg skal det bu folk i. Ein skal også ha ei kontinuerleg vurdering av kor mange hus det er formålstenleg for kommunen å stå som eigar av. Vidare har administrasjonen i dialog med Husbanken fått løyve til å leige ut 5 bustader på den frie marknad, trass i at det er visse vilkår som ligg inne i samband med låneopptak til desse bustadene. Det er også etablert ei tverrfagleg strategigruppe for bustadutvikling. I det heile har administrasjonen i Lom nå gjort ein framifrå jobb når det gjeld forvaltninga av kommunale bustader – totalt sett!

Smeden i min historie er – etter mi meining – den «gamle» både administrative og politiske leiinga i Lom kommune som kan kritiserast relativt sterkt for svært mangelfull forvaltning av kommunal eigedom. Men dei går fri. Bakaren er den «nye» administrasjonen (etter 28.01.2020) som blir «hengt» ut av GD, trass i at dei har gjort ein framifrå jobb og etter mi meining er relativt uskuldige, men som nå må stå til rette for det «brotsverket» dei som regjerte tidlegare hadde gjort.

Torstein K. Garmo, Lom