Leserbrev Dette er et debattinnlegg, skrevet av en ekstern bidragsyter. Innlegget gir uttrykk for skribentens holdninger.
I ein kronikk i Aftenposten 18.november tok representantar frå folkemusikk- og folkedansmiljøet eit oppgjer med ein ukultur dei har opplevd i miljøet. Tematikken vart følgd opp i Dagsnytt 18 same dag og i GD 20.november.
Vi i FolkOrg vil takke for at det blir sett fokus på seksuell trakassering. Det kan ikkje gjerast for ofte. Vi støttar skribentane i ønsket om at varselet deira skal føre til varige resultat for eit trygt folkemusikk- og folkedansmiljø. Det skal også vere vårt mål. Vi set alle folkemusikken og folkedansen høgt, og trakassering og overgrep har ingen plass i vårt miljø.
FolkOrg er den største folkemusikk- og folkedansorganisasjonen i Noreg. Vi organiserer kring 4500 enkeltmedlemmer – amatørar som profesjonelle, 160 spel- og dansarlag, arrangørar og festivalar. Det er eit rikt og positivt miljø med aktivitet på tvers av generasjonar og nivå, folk som finn saman i sin kjærleik til folkemusikken og folkedansen. Men vi har diverre heller ikkje sloppe unna det samfunnsproblemet som seksuell trakassering og overgrep er. Dette må vi alle ta tak i.
FolkOrg løfta problemstillinga kring seksuell trakassering og overgrep på Landsmøtet i 2013 (og ikkje i 2017 som det står i artikkelen i GD), slik at organisasjonen fekk eigarskap til problemstillinga. Landsmøtet vedtok då retningsliner mot seksuell trakassering og overgrep. I 2017 informerte vi medlemmane våre igjen om kva ein skal gjere om ein opplever trakassering eller overgrep.
Vi meldte oss inn i Balansekunst, mellom anna for at vi skulle ha eit profesjonelt apparat til å ivareta varslarar og offer. Gjennom dette har også medlemmane våre tilgang til ein rådgjevingstelefon knytt til seksuell trakassering og overgrep. Den har vi orientert om på Landskappleiken og Landsfestivalen i gammaldansmusikk gjennom festivalappen og løpesetlar.
Vi har laga rettleiarar for programleiarar på arrangementa våre, for å passe på at alle skal bli presentert med respekt. I 2019 var Folkelarm vertskap for debatten «Spelemenn og små fine, jenter – om kjønn og språk i folkemusikken» i regi av magasinet Folkemusikk og Ballade.no. Vi har også tatt kontakt med sentrale medium når folkemusikkutøvarar har blitt tiltala på måtar som blir opplevd som diskriminerande.
Nå er ikkje dette meint som eit forsvarsskriv, men i debatten i Dagsnytt 18 onsdag 18. november kunne det verke som om problemstillinga ikkje har vore løfta i det heile i miljøet vårt. Det ønskjer vi å balansere noko.
Trass i den jobben vi har gjort har vi ikkje fått varslar til oss. Det kan vere fordi at terskelen er for høg til at folk seier frå i eit lite miljø der mange kjenner kvarandre, at dei har varsla andre stader eller at vi ikkje har informert og gjort nok. Difor er ei påminning viktig.
Dette har mint oss på at vi må informere meir om våre retningslinjer og system, og dei systema og tilboda som Balansekunst har. Vi skal i tillegg gjere alvor av det vi hadde snakka om i fjor haust; å ta Balansemerket. Slik kan Balansekunst hjelpe oss med kartlegging, kursing og tiltak på vegen vidare. Vi har alt tatt kontakt med dei om samarbeidet framover.
Vi i FolkOrg ønskjer ein god dialog med initiativtakarane og andre medlemmer og organisasjonar i folkemusikkmiljøet kring dette for å finne fleire gode løysingar. Vi har trua på at vi saman og med hjelp frå Balansekunst, skal finne tiltak for at alle skal føle seg trygge i folkemusikk- og folkedansmiljøet.
Hilde Reitan, styreleiar i FolkOrg og
Linda Dyrnes, dagleg leiar i FolkOrg