Arne Brimi engasjerer seg i Nortura-saka

- Bonden, kokken og reiselivet i regionen har ambisjonar som å vera ein viktig del av framtida i Noreg, derfor treng vi Nortura på Otta, meiner Arne Brimi.

- Bonden, kokken og reiselivet i regionen har ambisjonar som å vera ein viktig del av framtida i Noreg, derfor treng vi Nortura på Otta, meiner Arne Brimi. Foto:

Landskjente Arne Brimi meiner Nortura på Otta er ein viktig del av framtida for regionen.

DEL

Arne Brimi er kjent for dei aller fleste for sitt engasjement rundt matkultur og bruken av stuttreiste råvarer. Måndag la han ut eit innlegg på facebooksida «Brimiland», som på få timar vart lest av fleire hundre og delt vidare. Der skriv han:

«I alle år har eg, Arne Brimi, vore stolt kunde av Nortura. Eigaren er den Norske bonden.
Mange av mine beste venar er stolte leverandørar til Nortura. Sidan midt på 80-tallet har eg vore mykje involvert i slakteriet på Otta, da dei som fyrste i Norge starta med varmskjæring. Otta har støtt imponert meg, innovative, forståelsesfulle, og vore med på laget om å fornye samfunnet mot ei gastronomisk framtid, der vi kan synliggjera fortrinna vi har i Noreg.
Eg trur det er viktig å vera til stades der råvarene våre blir produsert. Med fokus på dyrevelferd, bærekraft er eg sikker på at den Norske bonden vil stå seg sterkare inn i framtida. Dette ved å vise mot til å liggje i framkant i samfunnsdebatten som vil rulle sterkt vidare framover. Derfor treng Nortura Ottaanlegget.
Bonden, kokken og reiselivet i regionen har ambisjonar som å vera ein viktig del av framtida i Noreg, derfor treng vi Nortura på Otta.»

Les også: Nortura-protest på facebook har samlet inn 200.000 kroner og fått 3.600 medlemmer

Nortura Otta: – Vi får veldig mange støtteerklæringer. Hele Gudbrandsdalen er engasjert


Artikkeltags