Avdem til finalen i Det Norske Måltid

TIL FINALEN: Anna Haugstad Avdem på Lesja med "Bufast" og "Rømme" som går til finalen i konkurransen til Det Norske Måltid.

TIL FINALEN: Anna Haugstad Avdem på Lesja med "Bufast" og "Rømme" som går til finalen i konkurransen til Det Norske Måltid. Foto:

Avdem Gardsysteri på Lesja har sikra seg plass i superfinalen til Det Norske Måltid.

DEL

LESJA: Den suksessrike familiebedrifta som i sommar opna nybygget "Osten" til 12 millionar kroner toppar delfinalane i to klasser: Årets ost og Årets meieriprodukt. Superfinala går i Stavanger 10. januar neste år.

EVENTYRLEG: Over 20.000 besøkande på Avdemsbue etter opninga den 6. juli.

EVENTYRLEG: Over 20.000 besøkande på Avdemsbue etter opninga den 6. juli. Foto:

Les også: Over 300 kom då flaggskipet «Osten» opna på Avdemsbue

Eventyrleg sommarsesong

– Dei gode resultata i delfinalane kjem på toppen av ein eventyrleg sommarsesong, seier Sigurd Avdem (61) som med god hjelp av heile familien og tilsette kunne ta i bruk gardsmeieriet på Lesja i 2005. Frå starten har dei produsert rømme av fersk, upasteurisert mjølk, og det er nettopp den rømmen som går vidare i konkurransen til Det Norske Måltid. Dei to andre produkta som er sikra finaleplass i klassa er Rørosis og jordbæryoghurt frå Rawsome i Akershus.

I konkurransen Årets ost går Bufast frå Avdem Gardsysteri as vidare saman med osten Bufar laga ved Valdresmeieriet og Kubbeost frå Rueslåtten ysteri.

Det er tre år sidan Avdem starta produksjonen av Bufast. Osten ligg på lager i over eit år før den blir seld.

Over 20.000 besøkande

– Å bli utvald som dei ypparste av landets beste matprodukt betyr svært mykje, framhevar Sigurd Avdem som er glad og stolt på vegne av alle som arbeider på gardsysteriet.

Dette året har vore sterkt prega av det store byggearbeidet på Avdemsbue. Trafikken på butikken og den nye kafeen har vore eventyrleg, stadfestar Sigurd Avdem.

Anna Haugstad Avdem (28) opplyser at ho har hatt over 20.000 besøkande etter opninga av nybygget den 6. juli.

Les også: Nå søker Anna (28) etter flere folk: – Det har vært litt vill vest

AUKA PRODUKSJON OG SAL: Finaleplass betyr auka produksjon og sal for familiebedrifta Avdem Gardsysteri as.

AUKA PRODUKSJON OG SAL: Finaleplass betyr auka produksjon og sal for familiebedrifta Avdem Gardsysteri as. Foto:

Artikkeltags