Avslutt arbeidet med sparereformer

Avslutt arbeidet med sparereformar, oppmodar Eva Barkenæs. Foto frå demonstrasjonen for Bredebygden.

Avslutt arbeidet med sparereformar, oppmodar Eva Barkenæs. Foto frå demonstrasjonen for Bredebygden. Foto:

Av
DEL

lesarinnlegg
For kvar dag som kjem blir det meir og meir frustrerande å lese GD. Fokusordet er "sparing" Eg tenkjer attende på alt som har skjedd sidan eg vart hjelpepleiar i 1992 og fram til i dag som vernepleiar dei siste 15 årane. Eg hadde fått meg ei utdanning der det var lett å få arbeid. Det var bestemt at stillingar skulle vere aktive, og pasienten skulle vera i fokus. Dei dørene vi hadde, vart opna opp slik at dei sjuke, eldre, og funksjonshemma med behov, vart ivareteke så langt det strakk til.

I 1992 kom reforma som sa at alle psykisk utviklingshemma skulle attende til sin heimkommune. Dei skulle ha eigne leilegheiter med heildøgns omsorg. Så langt som mogleg, hadde dei alle rett til å leva eit normalt liv. For at dette kunne gjennomførast, måtte det til stillingar. Dette førte til arbeidsplassar.

I januar 2009 kom samhandlingsreforma, som vart presentert av daverande Helse og omsorgsminister Bjarne Håkon Hanssen. "Rett behandling til rett tid på rett plass". Dette vart ein stor og betydeleg reform. Kvar kommune måtte ta omfattande grep for at dette kunne gjennomførast. Den dag i dag er det ulike oppfatningar om dette vart gjennomført. Her var det forskjellar frå kommunane om kva som vart gjort av kriterium, struktur og rutinar.

I 2017 – kom reforma for Psykisk Helse (2017 – 2022).

Dette er reformer som med klartekst skal brukast for å sikre at kvar og ein for tilpassa sine individuelle behov for tenester. Med desse reformene auka arbeidsplassane og skatteinntektene i kvar kommune. Vi var i opptur. Kva var det som gjorde at alt plutseleg gjekk nedoverbakke?

Eg har mine egne meiningar og tankar. Ein ny struktur kravde fleire tilsette. Det måtte til dagleg leiar, avdelingsleiar og tenesteleiar. Dette utløyser høge lønningar. Mange av dei som fekk stillingar hadde gått frå å vera "golvarbeidar" til å bli leiar. Ferske nyutdanna kom med friske gode og nye meiningar, og utviklinga gjekk fort. Klarte vi allereie da å sjå avgrensingar? Klarte vi å ivareta og vidareføre noko av det som hadde vore før og som vi såg fungerte godt?

Der kom utfordringane. Alt skulle vera nytt. Store enkeltrom, store fellesareal, mange kontor å dyr kunst. Vart dette det viktigaste? Ja, dessverre. Behovet for pasientrom og pleiarar/miljøarbeidarar var gløymt. Sparekniven måtte fram og dette har auka på kvart år.

Nå har det tekniske tatt styringa. Teknologi kostar, vi blir tvinga til å bruke meir tid på å dokumentere og mindre tid på "fleire varme omsorgshender". Er gleda å finne slik som før?

Nå er det nedsett styre av forskjellige slag. Felles for alle er at dei ikkje brukar erfaring for å tenkje nytt. Ikkje tør dei tilsette å si at nok er nok. Nå er det dokumentasjon som er det viktigaste av alt. Det er kvalitetssikra, men med kvalitet følgjer det nok tid. Vi har ikkje med gjenstandar å gjera. Vi har med menneskje å gjera! Vi har reformene oppe og går, eller har vi det? Nei, dei er gøymd og gløymt.

Det er ingen grunn te å leggje ned korkje Granheim, DPS i Bredebygen eller innskrenke på sjukehuset innlandet. Bustader for funksjonshemma er det også egen reform for. Kvar er så grunnlaget som kan dokumentere at all denne nedskjeringa er lovleg? Kom dykk ned på jorda, trekk døkk ut av denne sparereforma. Og til dei som gjer sitt beste for å redde liv å tek omsorga på alvor. Legg ned arbeidet. Nå må nok vera nok.

Eva Barkenæs, Nord-Fron, vernepleiar/miljøterapeut

Skriv ditt leserbrev her «

DELTA I DEBATTEN! Vi oppfordrer leserne til å bidra med sine meninger, både på nett og i papir

Artikkeltags