Da regionreforma og fylkessamanslåinga var eit faktum kom den gong Kommunal- og moderniseringsminister Jan Tore Sanner (H) i 2017 til fylkestinget i Hedmark og Oppland med bodskapen om at vi måtte tenkje heilskap, tenkje heile regionen og utvikle den saman til glede for innbyggarar og næringsliv i heile fylket.

I GD skriv Henning Log om prosessen kring flytting av 70 NAV-arbeidsplassar frå Lillehammer til Hamar. NAV er regional stat, som absolutt burde gå framfor som eit godt døme på balansert utvikling og fordeling av offentlege arbeidsplassar. Likevel går NAV imot dei vurderingane som dagens regjering kjem med.

Når både tidlegare Kommunal- og moderniseringsminister i Solberg-regjeringa peikte på balansert utvikling, og vi nå har ei regjering som er tydelege på at det skal vere jamnare fordeling av offentlege arbeidsplassar, blir det merkeleg å lese kva som ligg til grunn for å flytte heile 70 NAV-arbeidsplassar. Med ei regjering som er så tydeleg på ein annan retning for samfunnsutviklinga, må fyrste bod vere at alle offentlege arbeidsplassar må vurderast gjennom lokaliseringspolitiske omsyn. Dette må også gjelde for Innlandet fylkeskommune og andre regionale aktørar framover.

Vi kjem ikkje unna lokaliseringsdebattane mellom Lillehammer og Hamar, mellom Gjøvik og Hamar, og mellom rurale og sentrale strøk. Den debatten vi må ta i Innlandet, er om det meste etter samanslåinga skal samlast eller flyttast til Hamar eller Hamarregionen. Eller om vi skal desentralisere meir og vere tettare på ute i alle regionane.

Vi såg det i fylkesoppløysingsdebatten, vi ser det i sjukehusdebatten, vi har døme innanfor næring og akademia, vi ser det også innanfor faglag og ulike organisasjonar. Dei fleste slår seg saman og opprettar kontor i Hamarregionen. Bra for Hamarregionen, men er det bra for utviklinga i resten av Innlandet? Ynskjer vi at vi samlar det meste berre ein stad? Korleis vil det påverke rekruttering inn i både næringsliv, offentleg sektor og lag- og organisasjonsarbeid? Kva med politisk engasjement når avstandane blir så store og saksfeltet så fjernt? Kva med mangfaldet og kunnskapen om heile det store, geografiske området? Kva med utfordringane med demografiutviklinga? Vi må vere bevisste på korleis lokalisering påverkar samfunnsutviklinga.

Vi har Mjøsbyen og Mjøsregionen som eit omgrep, og som ei satsing med ein felles bu- og arbeidsmarknad. Men vi ser også at mange som blir tvinga til å pendle etter kvart anten finn seg ein annan jobb eller flytter. Vi kan ikkje prate om balansert utvikling og samtidig la sentraliseringa gå sin gang. Dersom vi i Innlandet skal kunne bygge gode lokalsamfunn og ha kunnskap og kjennskap for å gjere gode vedtak for samfunnsutviklinga, må vi ha ein fordelings- og lokaliseringspolitikk som gjev nettopp ei balansert utvikling. Da kan ikkje alle funksjonar og arbeidsplassar «leggjast i ei korg».

Aud Hove (Sp) fylkesvaraordførar i Innlandet