Bananflugene er Guds englar på jorda

BANANFLUE: Bananflugene er Guds englar på jorda – som eigentleg ikkje vil oss vondt og som heller ikkje gjer oss vondt. Dei er den rake motsetning til korona-viruset som må vera eit påfunn av Djevelen, skriv innsendaren.

BANANFLUE: Bananflugene er Guds englar på jorda – som eigentleg ikkje vil oss vondt og som heller ikkje gjer oss vondt. Dei er den rake motsetning til korona-viruset som må vera eit påfunn av Djevelen, skriv innsendaren. Foto:

Av
DEL

LeserbrevDette er et debattinnlegg, skrevet av en ekstern bidragsyter. Innlegget gir uttrykk for skribentens holdninger.
Mannen var avhaldande. Kona hans drakk, men ho var evig langt unna å vera ein drankar. Ho var som eg som til og med beviste at eg kunne ikkje vera ein fyllefant. Eg henta ei flaske raudvin i kjellaren som hadde stått still i fem til ti år. Flaska var korka med ei korke-kork som sat godt fast. Ho utvida seg litt da ho kom opp i friluft. Det var uråd å få ho på plass att.

Eg skjenkte eit glas til kona og meg. Flaska sette eg litt til sides. Vinen var god. Det gjekk ikkje lenge til glas nr. to. Dessverre, viste det seg da at flaska var fylt opp att – av ein sverm med bananfluger. Eg la handa over flaskeopninga og rista kraftig. Eg såg ikkje på det som ein massakre, men som ein lykkeleg død i fylla for kanskje så mange som 100 bananfluger.

Før dette hadde eg vore i ein håplaus kamp mot bananfluger i to månader. Flugene kom aldri inn på stova eller andre rom. Dei heldt seg berre på kjøkkenet. Der sat dei i hundretal på den flislagde veggen over vaskekummane. Eg fann ut ulike måtar for å ta livet av dei. Ein måte var å nærme seg veggen med ein peikefinger eller tommeltott til eg var berre rundt to cm frå fluga. Det gjekk bra når eg nærma meg sakte. Eg heldt tuppen stille, og så smelte eg lynkvast til. Eg lykkast berre ein av seks-sju gonger. Tru meg eller ei. Ved denne måten tok eg ein dag livet av 84 bananfluger. Eg forstod at bananfluga hadde noko å lære bort – til og med til supersprintaren Bolt.

Eg har lese litt om bananfluga på internett. Ei hofluge kan legge 500 egg om gongen. Få dagar frå egg til vaksen. Lever omtrent ein månad. Det mest nemnde i kampen mot bananfluga var eddik. Ein tilsett på ein butikk gav meg også det rådet. Eg kjøpte ei flaske og slo ein skvett på ei skål. Etter sju timar telte eg 21 fluger som sat i ring oppå kanten av skåla. Ute i eddiken var det ei einsleg fluge.

Av dotter mi fekk eg eit mykje betre råd: Vask med salmiakk. Eg vaska kjøkkenet to dagar på rad. Svermen med bananfluger vart borte. Det var att berre nokre enkelte eksemplar. Eg såg berre 1–3 eller ingen per dag. Dei endra livsforma si. Slutta å vera på kjøkkenet. Ville visst helst vera der eg var, på daglegstova eller kontoret. Drapsinstinktet i meg var ikkje borte. Men det fungerte dårleg. Dei fleste flugene eg såg, var i lufta. Der var det vanskeleg å få has på dei.

Gud har gjort det enda meir vanskeleg. Han har triksa med synet til enkelte av oss, slik at vi ser ein innbilt svart prikk som fer att og fram i synsfeltet vårt. Den prikken liknar på ei bananfluge. Eg vart lei av å slå i miss. Derfor slo eg også meir sjeldan etter bananfluga.

Eg burde ha spara livet til ei bananfluge som sat og «las» i den same avisa som eg om ein 18 år gammal palestinsk gut som har budd i Norge dei siste 13 åra. Utlendingsnemnda har bestemt å kaste han ut. Bror hans, som er eitt år eldre, får bli. Bananfluga fekk meg til å tenkje: Ho har neppe noko vett. Likevel må ho vera klokare enn byråkratar i Une og enkelte dommarar som misbrukar vettet sitt.

Bananflugene er Guds englar på jorda – som eigentleg ikkje vil oss vondt og som heller ikkje gjer oss vondt. Dei er den rake motsetning til koronaviruset som må vera eit påfunn av Djevelen. Likevel, den stakkars Djevelen har ingen ting å lære oss menneske om vondskap. Berre tenk på alle dei tåpelege krigane som vi har vore involverte i dei siste 30 åra.

Ole Bjerke, Lillehammer

Skriv ditt leserbrev her «

DELTA I DEBATTEN! Vi oppfordrer leserne til å bidra med sine meninger, både på nett og i papir

Artikkeltags