Konstruerer fjernstyrt båt

IDESKISSE: Slik er dei første skissane til prosjektet «Coastal Shark» som NTNU-studentane lager for Kongsberg gruppen.

IDESKISSE: Slik er dei første skissane til prosjektet «Coastal Shark» som NTNU-studentane lager for Kongsberg gruppen.

Av
Artikkelen er over 5 år gammel

Morten Jansrud frå Vinstra får både arbeide saman med venene sine og bygge båt for Kongsberg gruppa i sommar. Det er han godt fornøgd med.

DEL

Lillehammer: Morten Jansrud tykkjer det er både utfordrande og gøy å få bruke sommarferien på å arbeide for Kongsberg Gruppen.

–Det er veldig motiverande å sjå at vi har stor nytte av det vi har lært i utdanninga på NTNU. Samtidig må vi ta høgde for mange faktorar vi ikkje er vant til frå studiet, og det dukkar stadig opp ikkje føresette problem, fortel Vinstra-guten.

Vener frå NTNU Trondheim

I sommarprosjektet til Kongsberg gruppa, «Coastal Shark» skal ein vasscooter byggjast om til ein ubemanna båt i løpet av nokre vekar i sommar. Samtidig testar Kongsberg Gruppen korleis det er å ha ein venegjeng til å arbeida saman. Det er Jansrud og hans studievener frå Trondheim som har fått oppdraget.

Harald Ånnestad, konserndirektør i Kongsberg Defence Systems og leiar for prosjektet, håper jobbing med vener gir resultat i form av motivasjon både for prosjektet og vidare studiar.

– Å sørgje for sommarjobbar til studentane reknar vi som ein del av vårt samfunnsansvar, seier konserndirektøren om kvifor dei sommar har tilsett 179 sommarstudentar i år.

Sommarjobbane er eit viktig ledd i rekrutteringsarbeidet til firmaet.

– Som kybernetikar er Kongsberg Gruppen den beste arbeidsgjevaren eg kan tenke meg. Eg vet det er mange som meiner eg er svært heldig som får jobbe med kompisane mine på et prosjekt som dette, seier Jansrud

Prosjektet

I løpet av seks veker ska vennegjengen på 16 konstruera ein ubemanna båt. Dei skal byggja om ein Vasscooter som skal kunne styrast frå land. Oppgåva består i alt frå design av karosseri, til regulering, elektronikk og mekanikk. 6. august skal båten visast fram.

– Vi har fått vete at vi har sett oss eit for ambisiøst mål ved å skulle kjøre båten etter 7 vekers arbeid. Vi ynskjer å bevise at dei tek feil, seier Jansrud.

I fylgje Ånnestad vil ubemanna farkostar bli nyttige i for eksempel søk og redning og i minejakt i åra som kjem. Prosjektet skal brukast til å demonstrere slike båtar og håpet er å kunne bruke løysingane frå sommarens arbeid i produkt til marinen.

Artikkeltags

Kommentarer til denne saken