Rovviltnemnda blir utfordra av biolog Morten Kraabøl på korleis nemnda i region 3 (Oppland) jobbar for å unngå å påføre naturen meir skade, og korleis vi er i stand til å bidra konstruktivt med å finne løysingar som beitenæringa kan stå for i møtet med strengare krav til miljøforsvarleg drift.

Matproduksjon med beitenæringa er ikkje noko unntak i det «grøne skiftet», og er viktig for vår sjølvforsyning både nasjonalt og lokalt. Beitenæringa nyttiggjer seg ressursar naturen byr på, og har gjort det i tusenvis av år. Det er eit politisk mål frå nasjonalt hald å oppretthalde beitenæringa. Dette må sjølvsagt gjerast på ein berekraftig måte, med bakgrunn i kunnskap og erfaringar.

Beitedyr nyttiggjer seg og bidreg til fotosyntesen, og fotosyntesen er grunnlag for alt liv. Fotosyntesen er ikkje berre grunnlag for liv, men også for verdiskaping. Samtidig bind beiteareal mykje karbon i jorda ved aktiv beiting.

Om lag 95 % av Norge er utmark. Dei fotosyntesebaserte ressursane i utmarka er grunnlag for eit vidt spekter av verdiskaping. I staden for å importere meir fôr, er utmarka ein stor fôrressurs for husdyr. Om lag 137 000 km2, eller 45 % av Noregs landareal er beite som kan nyttast. Av dette er 29 000 km2 svært godt beite. Den totale kapasiteten er berekna til 9,5 millionar saueeiningar.

Dagens dyretal utgjer om lag 2,8 millionar saueeiningar. Verdien av fôret som husdyra haustar på utmarksbeite kvart år er anslått til 1000 millionar kroner (NIBIO, 2021). Av landarealet nyttast 34 % av organiserte beitelag. Det er stor variasjon mellom fylka med omsyn til kapasitetsutnytting og utvikling dei siste 20 åra. Beitenæringa forsyner også samfunnet med andre økosystemtenester i form av kulturlandskap og biologisk mangfald, i tillegg til mat.

Rovviltnemnda forvaltar etter ei todelt målsetting, og har ein godkjend forvaltningsplan som legg føringar for vårt arbeid. Forvaltningsplanen bygger på Stortingsmelding nr.15 (2004), Stortingets rovviltforlik (2011) Stortingsmelding nr. 21 (2016), Bernkonvensjonen, Naturmangfaldlova og Rovviltforskrifta og det bestandsmålet som er vedteke. Dette inneber at det skal vere mogleg med levedyktig næringsverksemd i landbruket i område med rovvilt. Nemnda skal ta omsyn til livskvalitet, busetnad og næringsutvikling i distrikta.

Les også

Hvordan møter rovviltnemnda det grønne skiftet?

Beitenæringa driv matproduksjon på naturlege og fornybare ressursar og bidreg såleis til grøn matproduksjon. Rovvilt er også viktig med omsyn til det biologiske mangfaldet. Vi skal forvalte for å sikre ein ballanse mellom matproduksjon og levedyktige rovviltstammer. Det står at «Forvaltningsplanen skal legge grunnlaget for ei forvaltning som sikrar både rovviltbestand på bestandsmåla og som sikrar forutsigbare rammevilkår for beitenæringa, både innanfor og utanfor rovviltsonane».

Dersom ikkje rovviltnemnda lykkast med å forvalte etter den to-sidige målsettinga, gjer ikkje vi jobben vår og det er ikkje bra for verken rovvilt og beitenæring eller miljø og klima.

Aud Hove (Sp), leiar rovviltnemnda region 3, Oppland