Helland og Nordskar raskast over Besseggen

VANT: Sondre Øvre Helland frå Viking sprang på 1:25:30.

VANT: Sondre Øvre Helland frå Viking sprang på 1:25:30. Foto:

Artikkelen er over 3 år gammel

Sondre Øvre Helland frå Viking og Sylvia Nordskar frå Heidal sprang raskast over Besseggen i laurdagens Besseggløpet.

DEL

Det vart ein fin tur for dei 97 deltakarane som fullførte Besseggløpet laurdag. 140 var påmeldt.

Distansen på 14 kilometer gjekk fort unna for vinnarane som sprang på 1:25:30 (Helland) og 1:43:57 (Nordskar).

Beste lokale herreløpar vart Bjørn Georg Riksaasen frå Vågå på tida 1:39:57.

Løyperekorden over Besseggen er det Thomas Bereket som har. Han vart klokka inn på råsterke 1:15:40 i 2014.

Hele resultatlista finn du her.

Ingen rekord over Besseggen 

Artikkeltags