Bestilt akademisk tullfjas

Av
DEL

aktuelt

Eit regjeringsutnemnd «ekspertutval» har uttala seg om framtidig skattlegging av vasskraftproduksjon og om skattetrykket hindrar renovering/nybygging av kraftanlegg (NOU 2019:16). Utvalet er leia av tidlegare NVE-direktør Per Sanderud og resten er advokatar og økonomar.

Her er det sikkert mange ekspertar på kvart sitt område, men representantar frå kommuner og energibransjen fekk dessverre ikkje bli med. I si tid i NVE har Per Sanderud alltid meint at store selskap i kraftbransjen er best og derfor blir livet surt for små og mellomstore selskap i distriktet.

Ekspertane foreslår at heile konsesjonskraftordninga blir skrota, som har vore storsamfunnet sin takk i over 100 år til 323 småkommuner i distriktet for at dei har stilt naturressursar til disposisjon for produksjon av fornybar kraft. Kommuner og fylkeskommuner taper samla ca 4,4 milliardar kr/år (i snitt ca 11 millionar kr/år pr kommune). Ekspertane er misunnelege på enkelte kommuner (for eksempel Bykle og Modalen) som får veldig store inntekter av konsesjonskrafta men i staden for å foreslå reduksjon av inntekter for desse få, straffar dei alle kommunene.

Den store vinnaren er staten, som i sine eigne produksjonsverk (for eksempel Statkraft) slepp å levere billig konsesjonskraft til kommuner og fylkeskommuner. Ekspertane foreslår at staten samla får ei meirinntekt på ca 3,8 milliardar kr/år.

Og så kjem det som er veldig morosamt - «provenynøytralitet». Dette betyr at summen som kommuner og fylkeskommuner taper (4,4 milliardar/år) er større enn det som staten tener ( 3,8 milliardar/år), og derfor må staten få meir. Grunnrenteskatten blir derfor auka frå 37 % til 39 % slik at staten får 0,6 milliardar kr/år meir. Det er berre økonomar i statleg teneste som kan foreslå noko så umusikalsk som dette.

Ekstrainntekta som kraftselskapa får med salg av konsesjonskraft til børspris, forsyner staten seg grovt av med ein auke på 2 % i grunnrenteskatten. I tillegg flyttar ekspertutvalet grensa for grunnrenteskatt nedover frå installasjon på 10.000 kVA i eit kraftverk til 1.500 kVA. Dette betyr auka statleg inntekt og samtidig auka kostnad for ein god del kraftverk, fordi mange fleire kraftverk blir pålagt grunnrenteskatt på 39 % i tillegg til ordinær selskapsskatt på 22 %

Verknaden av denne grenseflyttinga for grunnrenteskatt vil truleg føre til bråstopp for utbygging av meir fornybar vasskraft - stikk i strid med det som står i mandatet til ekspertutvalet .

Det positive med rapporten er at forslaga passar veldig godt inn i sentraliseringsiveren til regjeringa, for i tillegg er det tidlegare bestemt at nettverksemda skal organiserast i eige selskap frå 2021. Dette gjev auka kostnad for alle strømkundane utan at det i praksis betyr noe som helst. Vidare bestemte regjeringa under ein «kamelmiddag» på Granavollen at det skal vera «funksjonelt skilje» mellom nett og kraft i selskap med fleire enn 10.000 nettkunder. Tidlegare praksis med rasjonelt samarbeid innan heile kraftselskapet er ikkje lengre tillatt - dette råkar små og mellomstore selskap i distriktet. Det artige er at i Norge får vi funksjonelt skilje ved 10.000 nettkundar medan Europa har ei grense på 100.000 nettkundar !

Rapporten er nok eit døme på tiltak for sentralisering og utarming av distriktet. Regjeringa kunne spart utgifter til utvalsarbeidet, fordi dette er eit bestillingsverk. Eg foreslår at regjeringa arkiverer rapporten under bokstaven B – Bestilt akademisk tullfjas.

Odd Jan Hølmo, Vågå

Skriv ditt leserbrev her «

DELTA I DEBATTEN! Vi oppfordrer leserne til å bidra med sine meninger, både på nett og i papir

Artikkeltags