Kamp om kongepokalen

30. juni 2012, kl. 22:32

Vagværane Inge Gjevre og Øyvind Sandum møttest til dyst om kongepokalen under finalen i durspel på landskappleiken laurdag kveld. Sterk utfordrar er Ulf-Arne Johannessen frå Ål, som også dansa finale i laus eller halling med Sigbjørn Rua, Kongsberg, og Hallgrim Hansegård, Øystre Slidre. Ingvill Marit Buen Garnås, Hjartdal, Inger Marie Lien Rust, Gol, og Gro Kjelleberg Solli, Nordmøre, song finale i vokal klasse A, og dansekompaniet Frikar heldt ei forrykande oppvisning saman med kinesiske munkar i kulturhuset.