Leserbrev Dette er et debattinnlegg, skrevet av en ekstern bidragsyter. Innlegget gir uttrykk for skribentens holdninger.
Innlandet fylkeskommune skal vedta nytt handlingsprogram for fylkesvegane (2022-2025), og mange og viktige tiltak skal gjennomførast. Ønskje og behov er formidabelt.
Trafikksikre skulevegar er spesielt viktig for oss, og løysning for mjuke trafikantar til og frå Lia-Midtbygda er prioritert på nytt i planperioda – slik vi har prioritert i lang tid.
Stor var gleda når gang- og sykkelveg frå Snipparampa til Bygdahuset Lidarende låg inne med oppstart neste år. Ein strekning på berre 300 meter, men for oss ein viktig start. Oppstart er nå skyvd til 2024.
Eg tenkjer innimellom på fylkespolitikarane og det krevjande prioriteringsarbeidet dei står i. Det blir opplagt meir enn krevjande når det å bygge ein strekning på 300 meter skal koste 9,1 million kroner!
Vi kan fortsette slik, men da blir mindre og mindre gjort. Spesielt når vi heile tida får høyre at det blir økonomisk strammare nasjonalt, og at byane treng meir og meir. Derfor må nytenking og rimelegare byggemetodar til for å få omsett planar til tiltak, og standardar og håndbøk må justerast.
Eit anna eksempel: Nokre plassar har vi fått lov av fylkeskommunen til å montere opp rimelege busskur. Snipparampa og Falebakken er gode eksempel på det. Fleire plassar har vi – med god erfaring – montert opp lyspunkt der skulebarn går på og av bussen.
Busslomme i krysset Morkavegen-Baksidevegen har vore tema i lang tid og er det framleis. Her må det til tryggare forhold, betre plass, skilting og lys. Lyspunkt er ikkje aktuelt, fordi det vil blende bilistar. Standarden er 10–12 lyspunkt over ei lengre strekning. Gode intensjonar bak, men det blir for dyrt, og det blir ikkje realisert.
I Sverige har dei god erfaring med flyttbare «ramper» for på- og avstiging. Visstnok plasserer svenskane rampene ut der skulebarn går på bussen, og flytter dei i takt med behovet. Rampene kan ha tak, og belysning basert på solenergi. Genialt og rimeleg, spør du meg.
I Sør-Fron samarbeider vi gjerne med Innlandstrafikk, fylkeskommunen og alle andre om eit slikt grønt og berekraftig pilotprosjekt.
Ein praktikar av det gode, gamle slaget stilte meg til veggs ein gong med spørsmålet: «Blir det noko anna enn papir med døkk!?» Gløymer det aldri, og det er like viktig nå som da.
Godt resultat krev god planlegging, men når vi nå altfor ofte berre ender opp med planen håper eg fleire enn eg innimellom kan stille spørsmålet: «Blir det noko meir enn planar med oss»?
Ole Tvete Muriteigen, ordførar i Sør-Fron