Gå til sidens hovedinnhold

Blir det norsk jordbær med fløyte i sommar?

Meninger Dette er et debattinnlegg. Innlegget gir uttrykk for skribentens holdninger.


Å eta jordbær med fløyte høyrer sommaren til. Norsk jordbær er best! Det er ei råvare i verdsklasse og er ettertrakta hjå oss nordmenn, men vi tek den kanskje for gitt?

Nå står produksjonen av norsk jordbær i fare. Både på stutt og på lengre sikt. Norsk jordbærproduksjon har i utgangspunktet småe marginar og krevjande produksjonsforhold. Koronapandemien har i tillegg gjort situasjonen enda meir krevjande for jordbærprodusentane. Dei får ikkje tak i kvalifisert arbeidskraft. Dei siste 30–35 åra har næringa vorte avhengig av utanlandsk arbeidskraft. Større krav til effektivitet for å halde prisane nede, kombinert med at det er vanskeleg å få nordmenn til å plukke jordbær, er blant grunnane til dette. Ein ser eksempel på at ein liter med jordbær kostar halvparten av ein liter med vatn. Dette viser kor sårbar norsk matproduksjon er når det gjeld sjølvforsyning. Senterpartiet meiner at norsk landbruk må gjerast så lønnsamt at det vil vera mogleg med ein mykje større andel av norsk arbeidskraft. Dette handlar og om sjølvforsyning.

Å hauste jordbær er arbeidsintensivt og væravhengig. For norske jordbærprodusentar handlar det om å få føreseielegheit og tilgang på nok arbeidskraft og erfaren arbeidskraft. Den må dei ha nå! Dei førebur seg til årets sesong, og desse førebuingane kostar pengar. Når du ikkje har vissheit om du får hauste av dei investeringane du må gjera, gjer dette situasjonen umogleg for produsentane. Det er med jordbær som med annan produksjon, du må investere for framtida. Nye jordbærplanter som må plantast nå er avgjerande for produksjonen dei neste åra. På grunn av mangel på arbeidskraft får dei ikkje planta, og det betyr at vi dei neste åra vil få mindre tilgang til norske jordbær. Vi må importere enda meir jordbær, og i eit klima- og miljøperspektiv er ikkje dette bra.

For Senterpartiet er det vanskeleg å forstå at regjeringa ikkje har fått på plass ei løysning for jordbærprodusentane. At fjoråret var vanskeleg handtere er mogleg å forklare. Det er i likevel ikkje akseptabelt at dette ikkje er på plass nå. Marit Knutsdatter Strand, Stortingsrepresentant for Senterpartiet i Oppland, tok opp spørsmålet om tilgangen til arbeidskraft med landbruksminister Olaug Bollestad for to veker sidan. Svaret landbruksministeren kom med gjev ingen grunn til å håpe på ei snarleg løysing for jordbærprodusentane. Svaret peikar på at næringa og jordbærprodusentane sjølve må ta avgjerder for produksjonen sin, og dei må ha innsikt i kva forbrukarane vektlegg i sine innkjøp. Det hjelp lite om dei ikkje får hausta bæra sine. Senterpartiet forventar at landbruksministeren og regjeringa viser handlekraft og sørgjer for arbeidskraft for norsk jordbærproduksjon!

Aud Hove og Asbjørn Stensrud, Oppland Sp