Som varaordførarkandidat har dei innstilt Bjørg Aaseng Vole (66). Både ho og Øiomhus har ein einstemmig komité bak seg.

Komiteen meiner at dette er to solide kandidatar med lang erfaring frå politikken og næringsliv, som på ein god måte vil vera med å vidareutvikle kommunen.

Øihusom er busett på Lalm der han og jobbar som dagleg leiar i eiga bedrift. Han har fleire periodar bak seg i lokalpolitikken, i kommunestyre og hovudutval. I inneverande periode er han leiar i hovudutval for oppvekst, kultur og omsorg. Han er i dag leiar for Vågå Arbeiderparti.

Aaseng Vole er busett i sentrum i Vågå og jobbar som dagleg leiar for Lærlingkontoret Gudbrandsdalen. Tidlegare jobba ho som dagleg leiar for Opplæringskontoret Brimikjøken. I 30 år var ho bestyrar på Gjendesheim turisthytte.

I tillegg har ho vore dagleg leiar for Norges Nasjonalparkkommunar. Ho har to periodar bak seg i kommunestyre, med den eine i formannskapet.

Innstillinga frå nominasjonsnemnda blir behandla i medlemsmøtet i Vågå Arbeiderparti 9. august.