Er vi blitt lurt?

Av
Artikkelen er over 6 år gammel

OLE BJERKE Korfor? Propaganda og løgn om krigane på Balkan. Kolofon forlag

DEL

Lokale nyheter – 5 kr for 5 uker

Ole Bjerke imponerer og skremmer ikkje så lite, der han går imot straumen.

Dei fleste av oss godtar stort sett det vi får presentert av politikarar og media, iallefall dersom påverkinga blir sterk nok, brei nok og repeterande nok.

I dette høvet gjeld det NATO-angrep på, og innbyrdeskrig i, det tidlegare Jugoslavia på 1990-tallet. Kort fortalt er det slik: Få eller ingen i Vesten tvilte på at serberane i Bosnia-Hercegovina var dei stygge ulvane i krigshandlingane mot dei muslimske bosniarane. At serberane i Beograd under leiing av monsteret Slobodan Milosevic dreiv underlegging av dei veikare naboane deira. Og at albanarane fortente all vestleg støtte i kampen mot sine serbiske landsmenn i Kosovo.

Bjerke er sterkt og kjenslefullt usamd, og imponerer med vilje til å gå djupt og uavhengig i materien. Han er glad i serberar, har vitja landet på korte visittar fem gonger etter år 2000, søkjer og får kontakt med folk flest, og grev ordentleg i kjeldene. Slikt blir det ei svært personleg bok av, som med dirrande indignasjon tek avstand frå det offentlege biletet vi nesten alle har. Han avviser sjølvsagt ikke det gruvsame som har skjedd, med Screbenica som det verste dømet. Men han viser manipulasjon med og svære overdrivingar av tal på ofre, og påstår at overgrepa var jamt fordelt mellom partane – ofte med muslimane som igangsettarar.

Særleg skremmande i ei sein ettertid er Bjerke si påvising av NATO sin – etter hans meining – feige, unødvendige og håplaust øydeleggjande bombing av infrastrukturen i Rest-Jugoslavia. I så måte er boka eit aggressivt og tungt begrunna angrep på USA, men først og fremst på det store fleirtal av norske sentrale politikarar som heilhjarta støtta opp om krigen.

Ein relativt ukyndig lesar har ikke høve til å kontrollere Bjerke sin argumentasjon, men den synest såvidt vederheftig at eg skulle ynskje at ein Kjell Magne Bondevik, Erik Solheim eller Kristin Halvorsen (desse er særleg nemnde her) ville ta han alvorleg og gå offentleg ut med eit svar. Det fortener både Bjerke og saka.

Artikkeltags