Gyrid Axe Øvsteng kjenner ungane

Foto:

Av
Artikkelen er over 6 år gammel

GYRID AXE ØVSTENG og PER RAGNAR MØKLEBY (ill.) Førstemamma på mars Samlaget

DEL

Forfattaren og dramatikaren Gyrid Axe Øvsteng frå Vågå, kjenner unga og skriv om og til dei med både skjemt og alvor.

Dette er den tredje bildeboka ho har lage saman med illustratøren Per Ragnar Møkleby. Teikningane hans er gode å sjå på. Vekslande toner og stemningar i handlinga kjem godt fram i fargar og uttrykk. Møkleby varierer dessutan meir enn bildebokillustratørar flest. Det gjer boka god å sjå på.

I «Førstemamma på Mars» møter vi ei lita jenta og faren hennar. Mora er lagt inn på sjukehus, med det er vanskeleg for den vesle jenta å forstå og godta.

Ho tenker at mamma er alle andre stader enn på sjukehuset. Pappa freistar å forklare, men til lita nytte. Kan mora vere på planeten Mars då? Jenta lurer på mykje; ho stiller jamvel eksistensielle spørsmål. Det er først mot slutten vi treff mamma, når far og dotter besøker ho på sjukehuset.

Det er mykje symbolikk i forteljinga til Øvsteng. Det er ikkje sikkert alle synest historia er enkel å skjøne. Ho opnar for brei tolking, sansing og oppleving.

Nokre vil kanskje meine at boka er ein tanke krevjande av di det ikkje er sjølvsagt korleis ein skal tolke finalen. Unge lesarar skal vi likevel ikkje undervurdere; det er lov å oppleve «Førstemamma på Mars» på meir enn ein måte.

Boka er fascinerande fordi ho ligg ein stad mellom den morosame leiken og fantasien på den eine sida og sorga og saknet på den andre. Eg trur det beste er å lese ho saman, vaksen og born, og saman snakke om det etterpå.

Artikkeltags