Gå til sidens hovedinnhold

Krim i Ottadalen

Artikkelen er over 8 år gammel

KROKEN & KOLDEN Døden kjem med bussen Samlaget

Lomværane Vigdis Kroken og Ragnhild Kolden har på ny skrive ein krim-roman som vil gle mange ottadølar. Ja, truleg fleire og.

I «Døden kjem med bussen» har dei levert ei spennande historie med mange lokale innslag. Det startar på Nordfjordekspressen ei sommarnatt. Bussen har si vanlege pause på Kvam, og alt er ved det normale. Da han stoppar i Vågå, sit ein passasjer død i setet sitt. Ei mystisk kvinne dukkar opp i Lom. Fleire dør ein dramatisk og uventa død.

Her er mange personar og trådar som vev dei saman. Både Svein Garmo og Arne Brimi er med i handlinga, utan at dei skal frykte for sitt gode namn og rykte av den grunn. Her er det råkøyring på rettstrekninga ved Sulheim og det er Flåklypa Grand Prix. Nytt storhotell nedanfor Raubegstulen med ein skikkeleg rundbrennar til direktør er det også. Fossheimkjellaren, Nordal, Coop og Kiwi og Esso-stasjon gjer det lett å kjenne seg att på Bergom. Morosamt er det når forfattarane skriv seg sjølve inn i historia, der dei sit og signerer bøker på Ståk i Skjåk.

Lensmann Seljestad i Lom er hovudetterforskar, men han får hjelp frå lensmannskontora både i Vågå og Skjåk. Om ei slik sak er eit argument for eitt lensmannsdistrikt i Ottadalen skal vera usagt. Litt hjelp frå Kripos får dei, kanskje overraskande lite når det handlar om ei så dramatisk sak?

Det er ingen grunn til å samanlikne Kroken & Kolden med Sjöwall & Wahlöö eller med Jo Nesbø. Dette er meir upretensiøst, og både plottet og stilen er enklare. Her er heller ikkje djubdepsykologiske utleggingar, jamvel om skuggar frå fortida med sommarjobbar på Nordal og Fossheim blir kasta inn i historia. Men forfattarane klarer å fenge iallfall ein lesar med lokalkunnskap, både ut frå persongalleri og nær-geografi. Lett og godt språk er det også. Og jamvel om bygdemiljøet er nært knytt til Ottadalen, er det nok såpass allment at også lesarar utanom distriktet vil ha glede av boka.

Godt gjort dette, jenter. Hald gjerne fram med å levere lokal krim. Og det er kanskje god timing å kome rett før påske?

Den førre boka, i 2011, vart forresten av Dagbladet utpeika til å vere vårens beste norske krim. Denne er neppe dårlegare.