Levande og godt om unge på nett

BOK 
 Roderick Gordon & Brian Williams 
 Terminal 
 Cappelen Damm

BOK Roderick Gordon & Brian Williams Terminal Cappelen Damm Foto:

Av
Artikkelen er over 6 år gammel

MAGNHILD BRUHEIM Det som er sant Samlaget

DEL

Med nærleik til personane og hendingane skildrar Magnhild Bruheim kor vanskeleg det kan vere for unge menneske å skilje mellom kva som er sant og og kva som er rykte, og vite korleis og kva dei skal gjere for å ordne opp i problema.

Bruheim har skrive ungdomsbøker før. Ho har god innsikt og tek dei ho skriv om og vi som les, på alvor. Ho styrer klar av klisjear og skapar heile menneske vi trur på.

«Det som er sant» tek opp aktuelle ting mellom ungdom. Her handlar det om at ein gut har tvinga seg til sex med ei to år yngre jente.

Så startar ei av venninnene ei støtte- og kampanjegruppe på Facebook. Det same gjer vennene til guten som er skulda for overgrepet. Kva gjer det med folk når slikt tek av?Korkje vi som lesarar eller dei som kjenner guten og jenta, veit sikkert om det som dei to påstår er sant eller ikkje. Eller ligg sanninga ein stad mellom dei to versjonane?

Bruheim går inn i særs aktuelle problem, og gjer det på ein måte som utfordrar oss. Ho skriv med ein prosa og i eit språk eg er sikker på treff målgruppa, som eg kan tenkje meg først og fremst er jenter og gutar mellom 12 og 16 år.

Synsvinkelen er Linn sin. Det er ho som er hovudpersonen. Ho var på festen der guten ho har eit godt auge til, Sander, skal ha tvinga seg til sex med Hanna i klassen. Kven skal ho tru på når bestevenninna hennar, Solveig, blir den fremste støttespelaren til Hanna?

Om lærarar i ungdomsskulen lurer på kva dei skal anbefale elevane å lese, vel Magnhild Bruheim.

Artikkeltags