Lita perle om ein levande varde i Vågå

Levande varde i lom

Levande varde i lom Foto:

Av
Artikkelen er over 6 år gammel

SIGMUND FALCH Levande varde i Lom Schibsted forlag

DEL

Ei lita underfundig bok om ein levande varde på våre trakter lyser opp i haustens bokvrimmel.

Onkel Even hadde skalla i ein bjelke. Resten av sumaren gjekk han rundt på gardane med ein banan og intervjua kyr.

Dette er ei av mange underfundige tekster til gamle bilete som Sigmund Falch har samla i ei lita bokperle som har fått tittelen «Levande varde i Lom». På side 93 er det eit eldgammalt fotografi av ein kar som sit på Trollhø opp for Lemonsjøen med Tesse og Veodalen bak seg. Falch har teksta bildet slik: «Om det var eit dårleg potetår, tok Henning ekstrajobb som varde i Lom». Trollhø ligg vel eigentleg i Vågå, men uansett er dette vittige og artige tekster som garantert får folk til å dra på smilebandet. Kan hende ein aldri så liten gapskratt i ny og ne også.

Det er tydeleg at forfattaren har eit eige blikk for morosame og pussige detaljar i gamle fotografi. Dette er den sjette boka i ein serie med gamle fotografi som blir ordsett med fantasifulle og overraskande tekster på nynorsk.Ho er for så vidt lettlese, i alle fall rask å bla gjennom, men du må nok finne ho fram att fleire gonger for å forstå poenga til fulle. Manglar du gode historier til eit festleg lag, er det berre å lesa høgt frå «Levande varde i Lom.»

Artikkeltags