Litt av ein fangst

Av
Artikkelen er over 11 år gammel

LIV MARIE AUSTREM og ODD HENNING SKYLLINGSTAD (ill.) Hund på kroken Samlaget

DEL

Mads bur i ei høgblokk i Oslo. I etasjen under har dei hund, og denne hunden er ofte åleine heime og ute på verandaen. Mads har det med å erte bikkja mens han ventar på at pappa skal komme heim frå jobb. Mellom anna tenkjer Mads at han skulle likt å bli kranførar når han vert stor, for ikkje langt borte er i stor kran i arbeid.

Guten likar å fiske i lag med faren. Ein dag han står på verandaen og ser hunden under seg, finn han på at han skal feste ein pølsebit på kroken og fire snøret ned mot bikkja. Han held kroken utanfor verandaen, men kva skjer ikkje når ein svolten hund ser ei pølse henge i lufta? Han hoppar.

Liv Marie Austrem har skrive ei morosam bok med høg lesbarheit. Det er likevel ei litt trist historie med ein god porsjon moral. Ikkje minst at ein skal vera snill med dyr. Mads får seg sanneleg ein lærepenge, kan ein seie. Men han lærer og litt om å bry seg.

Boka er illustrert i ein enkel strek som gjev ro til å fundera. Forteljinga er passeleg lang for ei kveldsstund på senga.

Artikkeltags