Livets dans i Åsgårdstrand

Edvard Munch: Måneskinn i Åsgårdstrand

Edvard Munch: Måneskinn i Åsgårdstrand Foto:

Av
Artikkelen er over 6 år gammel

HANS-MARTIN FRYDENBERG FLAATTEN Måneskinn i Åsgårdstrand Edvard Munch Sem&Stenersen forlag

DEL

Jubileumsåret blir krona med ei praktfull bok om Edvard Munchs sterke band til Åsgårdstrand.

Den unike jubileumsutstillinga i Nasjonalgalleriet lærte oss at Edvard Munch er langt meir enn Skrik, han var rett og slett kolossalt produktiv.

I fjor haust kom Rolf E. Stenersens «Nærbilde av et geni» frå 1944 i ny og utvida drakt. Frydenberg Flaatten har gjeve ut bok om Munchs Kragerø, og nå er turen kome til Åsgårdstrand, denne vesle perla i Vestfold som stod så sentralt i hans produksjon på slutten av 1800 og førstninga av 1900-talet, og som han stadig vende attende til i nye versjonar.

Det var her han fann og skapte «Pikene på broen», «Livsfrisen» og ikkje minst «Livets dans». På ein måte symboliserer dette hans til tider turbulente livssituasjon. Pistolepisoden med kjærasten Tulla Larsen er omtala, utan av vi blir særleg klokare på denne myteomspunne hendinga.

Vi får vite at Gustav Wigeland skulle lage byste av Munch, men at det aldri vart noko av. Dermed vart skulptøren Jo Visdal frå Vågå den einaste som laga byste av Munch i levande live.

Åsgårdstrand var ei viktig inspirasjonskjelde, og var ifølgje vennen Rolf E. Stenersen den einaste staden han lengta til. Landskapet og måneskinnet her var med i mest alt han gjorde.

Artikkeltags