Samstundes som det kjem forslag frå Språkrådet om revidering av nynorsknorma ved å setja strek over skole, kjøre, ljos og drøm, gjev professor Andreas Bjørkum ut bok på eige forlag om endringane i målformene til Tarjei Vesaas (1897-1970).

Sjølv om det er fleire generasjonar i mellom, er det to sider av same sak og ei påminning om at verda ikkje går så fort framover som ein kanskje har lett å tru, meir i ring.

Det er litt av ei oppgåve den tidlegare leiaren av Norsk målførearkiv ved Universitetet i Oslo har gått laus på med saumfaring av 35 bøker mellom 1923-1970, pluss artiklar og brev.

Det må vel seiast at dette er ei bok for spesielt interesserte, sjølv om telemarksforfattaren er ein av landets største diktarar og såleis har ei stor lesarskare den dag i dag. Få bøker gjev større inntrykk på ein skuleelev enn Per Bufast, Mattis og Tusten. Ein bauta i ordets rette forstand som folk flest trudde hadde ei rotfesta og eintydig språkføring frå moder jord i Vinje.

Eg trudde dette var ei snever bok, men ho blir meir og meir interessant til meir ein les.

Ikkje minst fordi ein finn at former som Vesaas brukte i førstninga av si forfattargjerning, som eg minnest at vi sjølve hadde som talemål i unge år. B-en har til dømes vorte borte i ord som kam og lam, vi sa kamb og lamb.

Tjuge har vorte til tjue også hos Vesaas, og oksel har vorte aksel.

Utgreiinga tek for seg målbruken både med omsyn til lydverk, formverk og setningslære, det som på fagspråket blir kalla syntaks, og viser at mykje av målbruken til Vesaas vart omlagde til nye former etter normendringa i 1938. Bøkene frå 1940-1970 følgjer den nye rettskrivinga og fleire av Vesaas-bøkene kom i nye utgåver med til dels store rettingar medan Vesaas levde. Det tyder på at han godtok endringane. Språk og målføre endrar seg alltid.