Om kvinner og relasjonar

Av
Artikkelen er over 11 år gammel

Ole Bjerke: Kvar kvinne er den vakraste i verda. Snøfugl forlag.

DEL

Sør-frøningen og lillehamringen Ole Bjerke har skrive ei lita bok med skisser frå eit liv - mest om møtet med kvinner. Han fortel med både varme og humor. Det startar med at han som gutunge redda livet til ei i Lågen ved Hundorp stasjon, og som takk lova ho han å lære han å elske - berre han vart gamal nok. Ho heldt det ho lova - i ein låve i baksida. Og det endar med møtet med Sonja i Serbia - eit stutt møte som aldri vart noko meir. Møta med kvinner ber preg av noko lengtande og uoppfylt - og også ei diagnose frå ei av dei: forfattaren sjølv manglar evne til nærleik.

Men det handlar ikkje berre om kvinner. Han gjev og skisser frå ein barndom, skildringar om tilhøvet mellom barn og vaksne, om kjenslevare barnesinn i møte med ei tøff verd. Desse rommar interessante tidsbilete frå ei tid som nå ligg 60 - 70 år attende.

Politikk og samfunn er han også innom - og religion. Her blir han tidvis meir diffus og noko vanskeleg å fylgje - som i historia om den andre verdsfrelsaren og hans store apostel Paulus og i ramma rundt møtet med president Bush på eit tomt låvegolv i Gudbrandsdalen.

Ole Bjerke opnar boka si med det eg oppfattar som noko av eit program, tankevekkjande ord om samspelet mellom menneske. Han skriv at «i dei korte augneblinka da vi verkeleg lever, er alltid vegen inn til det inste i oss open slik at vi både kan gje og ta i mot». Sjølv har han sagt at noko i boka er sjølvopplevd, andre ting er oppdikta. Personleg og åpenhjertig er ho iallfall.

Ein del av skissene har litterære kvalitetar utover det kvardagslege - dei kan karakteriserast som gode noveller. Andre blir reine forteljingar, utan at vi kjem under overflata. Men alt i alt forsvarar denne vesle boka sin plass som ein del av mangfaldet i den store norske bokhausten.20

Artikkeltags