Rikt om hjartet av Noreg

Av
Artikkelen er over 6 år gammel

EGIL ULATEIG I hjartet av Norge (Fjellriket Dalsida) Lesja kommune

DEL

Lokale nyheter – 5 kr for 5 uker

«Ei verd av fjell» har forfattar Egil Ulateig kalla aperitiffen, dei to første sidene. Tittelen dekkjer godt ikkje berre kva prologen handlar om; han er eigentleg dekkjande for heile denne tekstrike og godt skrive boka om Dalsida frå Dombås og Dovre i aust til Eikesdalen og Romsdalen i vest.

Boka er gjeve ut av Lesja kommune, og er ei historiebok i si fulle breidde.

Utgjevinga er støtta av Norsk Faglitterær Forfattar- og Oversettingsforening. Kjeldene er mange, men det er Egil Ulateig som har ført teksta i pennen.

Nå er det for dei fleste sikkert ikkje overraskande at det nett blir Ulateig som vart spurt om å vere forfattar. Han vaks jo opp i Lesja, og vende attende etter mange, mange år som forfattar og journalist i meir urbane strok før han vende attende. Ein kunnig kar som veit å både leite etter stoff og få det han finn omgjort til tekst det går an å lesa.

Eg skal ikkje seie at all journalistikk er god å lese og med det skryte for mykje av yrkesgruppa eg sjøl høyrer til. Men det er ingen tvil om at det var heilt riktig å engasjere ein journalistisk kraftkar med røynsle, som Ulateig, til å skrive ei bok som denne. Kolossalt mykje arbeid må det har vore å henta inn alt dette stoffet. Men forfattaren har elta, endevendt og drøfta det før han til sist skreiv det ned så sjølv ein som ikkje har andre relasjonar til Lesja enn vener og kjende, og nokre gonger har køyrd europavegen frå Dombås til Åndalsnes, hadde stor glede av å lese og ikkje minst lære.

Av di boka er skriven på nynorsk, kjem også meldinga mi på denne målformen. Mogleg eg skriv konservativt eg og; det gjer i aller høgste grad Ulateig. Særs konservativt, til dømes «sumar» i staden for «sommar», og så bortetter. Det rare er at han skriv «Norge» og ikkje «Noreg», som eg har høyrd framleis er einaste riktige skrivemåten på landet vårt på nynorsk. Vel, det var ein sidemerknad. Boka har ikkje fleire skrivefeil (trykkfeil) enn ei middels lang artikkel i avisa du nå held i handa.

Sjølv om boka er tettskriven og stappfull av vesentlege, er det gjeve plass til bilete, kart og andre illustrasjonar. Her finn ein fotografar frå gamle dagar, i svart-kvit, og mange nyare i fargar.

Ulateig tek føre seg Dalsida heilt frå landskapet blei til. Han får godt fram korleis landskapet vart skapt. Han guidar oss gjennom steinalderen og dei seinare levemåtane. Han ser på dyre- og platelivet før og nå, på dei ulike kulturane som gjennom tusenåra og hundreåra har hatt med området å gjera. Betydninga til samane vert via meir enn ei tekstline, for å seia det slik.

Reisa er ikkje kronologisk i tid, men ho er på sett og vis tematisk bygd opp. Om vi dreg att og fram, føler vi at det heile tida er samanheng og slett ikkje rotete.

Morosame ting er det og. Eg merka meg at den gamle sluggeren Ulateig ikkje er blitt slapp i fisken, då eg las om mellom anna Høgfjellskommisjonen på side 111. Kapitteltitlar som «Cowboyane i høgfjellet», «Draumen om Klondike», «Trehundreårskrigen» og «Då storindustrien erobra fjellet» seier mykje om at denne boka er meir ei halvtraurig bygdebok om eit fjellandskap.

Overraskande artig å lesa forteljingar der sjølv «turt» fagstoff blir servert i språk like lettlesen som skjønnlitteratur. Og ikkje minst viktig endeleg å få samla den komplette historia om Dalsida mellom to stive permar. Om du ikkje gidd lesa boka frå A til Å med ein gong, er ho eit framifrå oppslagsverk, med kjeldelista bak. Kos deg!

Artikkeltags