Det er måndag og politibetjent Rolf Randen oppsummerar helga i den søvnige vestlandsbyen Førde. Ein sykkel og ei lommebok er stolen. I tillegg hadde nokon fått ein blåveis i ei pølsekø.

Så kjem distriktssjefen i NRK Sogn og Fjordane og melder den 28 år gamle medarbeidaren Tonje Luster sakna.

Om lag 270 sider seinare har den som les boka ”Deadline” fått med seg ein velskriven krim med ei spennande historie.

Den sakna radiojournalisten måtte dementere ei avsløring rett før ho forsvann. Det handla om lokale samfunnstoppar som gjennom eit hemmeleg brorskap prøvde å påverke politiske avgjerder. Etter kvart finn politibetjent Randen ut at det er god grunn til å leite etter svara i livet til journalist Tonje Luster. Korleis kunne den unge kvinna ha fint hus og over éin million kroner på bok? Det dukkar opp trådar som leiar til prostitusjon og internasjonal handel med kvinner..

Dette er den fjerde boka om politibetjent Rolf Randen. Forfattar Rune Timberlid kan handverket å skrive krim. ”Deadline” har eit samfunnsaktuelt plott, er handlingsmetta, og ujålete i forma. Samstundes er den prega av godt språk – på nynorsk.