Sterkt om liv og død

Sigrun Slapgard: Englestien$RETURN$$RETURN$

Sigrun Slapgard: Englestien$RETURN$$RETURN$ Foto:

Av
Artikkelen er over 6 år gammel

SIGRUN SLAPGARD Englestien Samlaget

DEL

Sigrun Slapgard har i år levert ein gripande roman av det svært personlege slaget.

Hovudpersonane er syskena Julie og Lasse Dalgård, og forfattaren har i intervju stadfesta at likskapen med ho sjølv og hennar eigen bror er langt meir enn tilfeldig. Boka vekslar mellom nåtid og felles fortid, ei fortid som starta med at mora døydde stutt tid etter at broren vart fødd. Det var 12 år mellom dei, og Julie fekk oppgåver i heimen som gjekk langt i retning av ei morsrolle. For også faren misser evna til å halde heimen saman.

Nå er Lasse dødssjuk, med ein stor svulst på hjernen. Julie får det for seg at ho vil ha broren med på ei reise attende til barndomsbygda. Det blir ei reise både i tid og rom. I rom går det i bil til startpunktet for Englestien opp til toppen på Feforkampen.

I tid går det attende til barndomsminne frå dei same traktene. Bakteppet er brorens sjukdom som vi forstår berre kan ende på eitt vis. Ho freistar å halde døden på avstand. Han skjønar at slutten nærmar seg. Det synest som om ho fryktar han meir enn han.

Mellom dei to utspelar det seg eit menneskeleg drama, i dialogen mellom dei og fysisk i form av ein kamp for å nå fjelltoppen og attende til teltet. Samtalen sirklar rundt barndomsminna. Dei er naturleg nok ulike, ut frå dei ulike rollene dei to hadde i heimen. Her er ungdomsopprør og overlevingskraft og ein barneflokk som møter både mobbarar og Mor Godhjerta’er i bygdemiljøet. Og hos Julie er det samvetskvaler for at ho etter kvart fann sin eigen veg, medan broren framleis var eit barn.

Det er ei stilleflytande forteljing Sigrun Slapgard gjev oss, men samstundes eit djupt og sterkt drama. Det er sårt og vondt å lese, men samstundes varmt og ikkje utan glimt av humor. Og ikkje minst er det ei historie om overlevingskraft hos ei ung jente og hos ein familie som skilde seg ut i bygdemiljøet. Med stutte setningar og enkle ord tek forfattaren oss med på å knyte fortid og nåtid saman hos dei to hovudpersonane i boka.

Det er spesielt å lese denne velskrivne boka når ein kjenner bakgrunnen, slik Sigrun Slapgard skildra han i eit intervju i denne avisa for få dagar sidan. Bakteppet er eigne opplevingar, med både ei mor som døydde ung og ein bror som gjekk bort for få år sidan. «Englestien» er difor ei djupt personleg bok, tett opp mot det ein må kunne kalle ein sjølvbiografisk roman. Det gjer ikkje boka mindre gripande.

Artikkeltags