Roald Kaldestad fortel om ein katt som er rockeartist, men som blir fråstole gitaren sin. Mistanken fell på Grev Pungrev, ein gitarist som har sitje inn for tjuveri, men som nett er sluppen laus frå fengselet.

Heavykatten får hjelp av venene Discodansemusa og Pinnsvinet Phillip til å leite etter gitaren og avsløre tjuven. Det viser seg at fleire har mista gitarane sine. Og snart er det stor musikkonkurranse med gjeve premiar. Kan den skuldige vere ein som er ute etter å manipulere tevlinga og vinne ho?

Dette er den fjerde boka om dei tre vennene som tidlegare har vore uvenner. Forfattaren har eit godt språk, og får mykje fart og spenning ut av ein heller middels interessant idé. Eg vart ikkje veldig sjarmert av sjølve historia.

Boka er skriven på nynorsk.