Tsarinaens gemal

Foto:

Av
Artikkelen er over 11 år gammel

POTEMKIN OG KATARINA DEN STORE Simon Sebag Montefiore Omsett av Jorunn og Arne Carsten Carlsen Cappelen Damm Simon Serag Montefiore har skrive to bøker om Josef Stalin som båe er omsette til norsk. Nå er den siste nyleg komen ut her i landet.

DEL

«Potemkin og Katarina den store» handlar om desse to markante russiske politikarane frå 1700-talet. Potemkin kjenner vi frå skulebøkene. Han var mannen som sette opp falske kulisser langs reiseruta til keisarinna slik at ho skulle sjå at alt var vel i det russiske riket.

Forteljinga til Montefiore avsannar denne myten og gjer det klårt kor lite vi er orienterte om oppkomsten til vår mektige granne i aust.

Grigorij Aleksevitsj Potemkin kom frå lågadelen og gjorde rask karriere i den russiske hæren. Og han oppnådde å bli sedd av keisarinna, fri som ho var til å velja sine favorittar. Etter ti år oppnådde han å bli elskar, gemal, politisk rådgjevar og aktør.

Etter ein elskovsrus på snaue to år kom ei krise, men etter det heldt vennskapen og banda mellom dei seg like sterke slik at Potemkin fekk ei avgjerande rolle i russisk politikk framover mot dødsåret i 1791.

Breva dei imellom finst i arkiva, og mange av dei blir samanlikna med SMS-meldingane i vår eiga tid, stundom skrivne på kvar si side av ein utkald korridor i vinterpalasset i St Petersburg, stundom ved Svartehavet der Potemkin leidde krigane mot tyrkarane. Breva om stort og smått kan reknast i tusen over ein periode på tjue år.

Tiåra frå 1770 var avgjerande i framveksten av Russland som stormakt i Europa. Fram til Peter den store var Kvitsjøen den einaste hamna landet hadde mot vest. Peter sikra russisk dominans i Austersjøen. Men båe desse sjøvegane var islagde om vinteren.

Den tredje sjøvegen galdt Svartehavet, som låg under sultanen i Istanbul. Her hevdar forfattaren Montefiore at Potemkin med full støtte frå keisarinna spelte ei avgjerande rolle, særleg galdt det innlemminga av halvøya Krim under russisk styre. Og ikkje berre områda kring Svartehavet, som vi kjenner frå seinare sovjetisk militær rolle i verdspolitikken, men også Kaukasus med Georgia og andre fjelland der Tsjetsjenia er det mest omtala dei siste åra.

Boka Potemkin og Katarina den store vekslar frå det mest intime til det mest pompøse ved livet i St Petersburg. Og boka byr på omfattande resonnement kring militær strategi og utanrikspolitikk i ei tid da til dømes også Polen vart ofra og utsletta som stat i eit spel mellom stormaktene.

Skildringa av Potemkin og hans rolle står i sentrum og er grundig dokumentert med dokument frå russiske arkiv og gjennom rapportar og brev skrivne av vesteuropeiske sendemenn. Det går fram at han må ha vore ein av dei mest fargerike menn i si samtid. Som biograf rykkjer forfattaren ut til forsvar for helten sin mot ein sterk tradisjon av kritikarar.

Det som ein lesar kan sakne, er ein nøktern og samla gjennomgang av denne tradisjonen slik at den som vil, kan gjera seg opp ei meir balansert meining enn den nesten forførande iveren og elegansen som forfattaren formidlar.

Til omsetjaren er det å seia at vel kan russiske namn vera ei utfordring med omsyn til stavemåtar, men med teknikken vi nå brukar, skulle det i alle fall vera enkelt å finne ein konsekvens. Krigane på 1700-talet var forferdelege slaktehus, og soldatane kanonføde.

Frå Gudbrandsdalen drog ein stor kontingent på nøytralitetsvakt til Holstein, det russiske hertugdømet under Danmark. Det var på den tida Katarina tok makta i St Petersburg og avlyste krigsplanane der.

Holsteinkarane frå Gudbrandsdalen slapp unna ein beisk lagnad. Men kulde og sjukdomar var dei ikkje skåna for meir enn mang ein soldatbror elles i Europa. I dag reiser mange til St Petersburg som turistar. Mange har funne fram til badestrendene ved Svartehavet. For alle desse kan boka om Potemkin vera ein kveik på late dagar, og eit djupdykk under alle slags turistbrosjyrar.

Artikkeltags