Dette er ei bok det er vanskeleg å bli klok på. Tittelen smakar av seriekiosklitteratur, omslaget likeeins. Men både forfattar og forlag har nok større ambisjonar enn som så. Truleg er boka skriven for å vise menneske bak maskene, bak rollene. At sjølv dei mest fråstøytande individ, med dei mest motbydelege handlingar på samvitet (ja, eigentleg utan samvit), kan huse gode og vakre kjensler. Og for å fastslå at det ofte ligg psykologiske, sosiale og økonomiske grunnar bak uforklarleg åtferd. Slik sett blir dette eit mildt sagt vidløftig prosjekt å aksle for ein debutant.
Ho gjer det ytterlegare vanskeleg for seg ved å velje eit tema og eit miljø som mange lesarar framleis har eit forhold til: Sonderabteilung Lola. Henry Rinnan sin frykta terrororganisasjon i Trondheim, som med sitt såkalla «spel i det negative rom», sine drap og den utstrekte torturen knapt hadde sin make her i landet under okkupasjonen. Kolden plasserer dei to hovudpersonane midt i dette. Lillian er den utnytta ungjenta som vert redda frå eit mistrøystig tilvære og dregen inn i ein labyrint av luksusliv, drap og spionasje. Bjørn er redningsmannen som med umiskjennelege drag av den same Rinnan, både i sinn og skinn, trekkjer i trådar, balanserer mellom grupperingane, infiltrerer i motstandsrørsla, rapporterer til Gestapo, myrder og torturerer.
Så blir det Kolden si oppgåve å syne oss det menneskelege i styggedomen. Boka er ei i og for seg vakker kjærleikshistorie mellom desse to uhyra, kor djevelskapen deira er tona ned til fordel for de sterke kjensler og den likegyldige haldninga til storpolitikken rundt dei. Ein får inntrykk av at det er rein slump samt gleda og spenninga over sjølve spelet som styrer livet deira i okkupasjonstidas uoversiktlege kaos.
Forfattaren sitt grep med å veksle mellom torturistens trøysteslause liv på cella etter frigjøringa og hendingane gjennom krigsåra verkar godt. Språket likeins; det er liv i replikkane og driv i handlinga. Men denne meldar greier ikkje å frigjere seg frå røyndomens fråstøytande realitetar og godta kjærleiken mellom to menneske med så skrekkelege trekk, enda kor mykje Kolden forklarar bakgrunnen deira og gjev dei ein dåm av normalitet.