Vinter og vår i stasjonsbyen Torpet

Av
Artikkelen er over 13 år gammel

Torbjørn Hovde: Mot rikare mål å trå Hovde forlag 622 sider

DEL

Torbjørn Hovde har tidlegare gitt ut ein roman og ei novellesamling. Denne gongen har han skrivi romanen «Mot rikare mål å trå» på vel 600 sider.

Handlinga går føre seg i Torpet - ein stasjonsby nord på Austlandet. Persongalleriet er omfattande, og hovudpersonane er stort sett menn: handelsmenn, bønder, presten, fotografen, lensmannen og nokre arbeidarar på cellulosefabrikken. Den einaste kvinna forfattaren skildrar framfor andre, er Charlotte Woldmyhr, dottera til presten.

«Mot rikare mål å trå» skildrar livet i Torpet frå 1920-åra og fram til fredstida midt på 1940-talet. Med lett pensel målar forfattaren livet til innbyggarane i kvardag og fest, i sorg og glede. Dei slit på fabrikken, i jordbruket og i butikkane sine. For å kopla av går dei på jernbanestasjonen når kveldstoget kjem for å møta kjenningar og høyra nytt. Økonomiske svingingar i landet, nedgangstider for cellulosefabrikken, arbeidsløyse og okkupasjonstid legg mørke skyer over stasjonsbyen. Ungkarane kjem saman på kafeen Promenaden og drøftar politiske spørsmål, småbrukarane slit meir enn elles, og den arbeidssame svensken Nyström på fabrikken fiskar og fiskar!

Tida går sakte i Torpet, og forfattaren brukar mange ord på skildringa utan å skapa høgdepunkt eller gje lesaren innsyn i menneska der. Dei blir berre figurar som kjem inn på ei scene, seier fram replikkane sine og forsvinn att.

Conrad Jensen er kanskje eit unnatak. Han er innflyttar frå Vestlandet, og får stillinga som betjent i Lundes landhandleri. Slik kjem han i kontakt med prestedottera Charlotte, og dei blir etter kvart som kjærastar å rekna, og Conrad blir fast gjest til søndagsmiddagane i prestegarden. Charlotte vrakar Conrad, og giftar seg med læraren Einar Bering. Conrad Jensen tek brotet tungt, vandrar frå jenterom til jenterom og bringar jenter i ulykka. Han og lensmannen blir to frykta nazistar i Torpet. Etter krigen gjer Conrad Jensen ende på livet sitt med å kasta seg framom toget. Skildringa av ugjerninga er detaljert, svært makaber og gir ei unødig stor mengd ekle bilete.

Språket kan vera ei årsak til at orda rett og slett ikkje når fram til lesaren, stolprete som det er. Ikkje ein gong når folk i Torpet fører kvardagslege samtalar, brukar dei eit munnleg språk - berre stive og konstruerte formuleringar. Folk blir ikkje truverdige på denne måten.

Forfattaren strør pedagogisk korrekte element jamt over tidsbileta, men dei blir meir påtrengande enn oppklarande for lesaren. Damekjolar av silkefløyel før krigen og varemangelen under krigen, Lindbergh som kryssa Atlanterhavet med fly og Einar Gerhardsen som talar i Torpet, har ikkje alltid ein naturleg plass i teksten, og blir difor ofte ståande utan større samanheng med handlinga.

Ei tjukk bok er oftast ein stor gåvepakke. Denne vart det ikkje! Lesaren får ikkje sjansen til å følgja forfattaren «mot rikare mål å trå». Men med slik forteljarglede Torbjørn Hovde har, kan han nå langt med å gjennomarbeida tekstane sine.

Artikkeltags