Bondens selskap må samle bøndene, ikkje splitte dei

- Nedlegging av Nortura slakteri SA på Otta vil bryte ned ein tillit opparbeidd gjennom snart 70 år, skriv Gaute Helland.

- Nedlegging av Nortura slakteri SA på Otta vil bryte ned ein tillit opparbeidd gjennom snart 70 år, skriv Gaute Helland.

Av
DEL

lesarinnlegg

På nettsidene til Nortura SA Otta kan vi lesa:

1. Bondens selskap.

2. Nortura: - Eid av stolte, norske bønder. Produkter laget av stolte fagfolk. Dyrevelferd: Alle dyr skal ha det godt. Helse: Vi vil bidra til en sunn hverdag, sunn innovasjon og sunn, sirkulær økonomi.

3. Odd Erik Sveen: «De ansatte har utrolig god kunnskap om og kjennskap til produsentene våre.»

Alle punkta er vesentlege for eit selskap med tiltru både hjå produsent og forbrukar.

Bondens selskap må samle bøndene, ikkje splitte dei.

Stolte fagfolk betyr bønder med kunnskap og dyr med god helse og god dyrevelferd i alle ledd.

God fagkunnskap og god lokalkunnskap er vesentleg for å skapa tillit.

Nedlegging av Nortura slakteri SA på Otta vil bryte ned ein tillit opparbeidd gjennom snart 70 år. Nortura har eit samfunnsoppdrag, basert på ein sunn økonomi.

Skulle likevel så gale skje, lyt Gudbrandsdalen samle seg om eit nytt Gudbrandsdal Slakteri på Otta.


Gaute E. Helland, distriktsveterinær i Lom og Skjåk 1993-2004


Skriv ditt leserbrev her «

DELTA I DEBATTEN! Vi oppfordrer leserne til å bidra med sine meninger, både på nett og i papir

Artikkeltags