Gå til sidens hovedinnhold

Breiband til fleire

Meninger Dette er et debattinnlegg. Innlegget gir uttrykk for skribentens holdninger.

For å bu og leve i Sør-Fron og Gudbrandsdalen må alle ha godt nett. Spesielt det siste året med heimeundervisning og -kontor har vist oss det ettertrykkeleg.

Telenor sitt koparnett skal fasast ut, og mobilt breiband blir einaste alternativ i relativt store område. Der det er mobildekning, vel og merke. Kommersielt utbyggbare område er godt utbygd.

Situasjonen er lik i nabokommunane Nord-Fron og Ringebu. Derfor vart eit fellesprosjekt retta mot dei områda som krev tung offentleg subsidiering for å bli utbygd starta opp i 2018 – slik at alle får godt nok nett på sikt.

Utbygginga er av dei større infrastrukturutbyggingane i vår region, og er mogleg fordi gode krefter bidreg. Kommunane, fylkeskommunen, Nkom/staten, Eidsiva Bredbånd, Gudbrandsdal Energi Fiber og Vevig må nemnast.

Eigendelen er 10 000 kr for alle, og er ein del av finansieringa av den subsidierte utbygginga og vil ligge fast også i framtida. 10 000 kr er mykje pengar, men det er vitig å sjå moglegheitene godt nett gir. Heimekontor og -undervisning, velferdsteknologi, kommunale og andre offentlege tenester er eksempel. Verdien på bustaden vil auke. Og i enkelte situasjonar – der dataspel, TV, film og underhaldning sprengjer kapasiteten – vil betre nett også bli eit viktig konfliktdempande tiltak i heimen!

På grunn av dette har Sør-Fron kommune gjennom samrøystes kommunestyrevedtak prioritert relativt store beløp til arbeidet. Områda og utbyggingstrinna er baserte på faglege råd frå Eidsiva Breiband, etter retningsliner frå Nkom/staten og deira dekningskart.

Trinn 1 er i godt i gang, og omfattar baksida på Harpefoss og Lia. Sør-Fron kommune bidrog med 2 200 000 kr, fylkeskommunen med 2 125 289 kr, Nkom/staten med 265 631 kr. Tilleggsløyving frå kommunen på 1 000 000 kr løyste ut utbygging i bustadfelta i Lia. Eidsiva Bredbånd AS bygger ut.

Trinn 2 skal omfatte Jensbakken og Kvarvet, og startar hausten 2021 til 2023. Sør-Fron kommune har løyvd 1 000 000 kr, fylkeskommunen 1 000 000 kr, og Nkom/staten 667 997 kr. Tilleggsløyving frå kommunen på 1 513 790 kr gjer at ein får bygd ut heile Kvarvet og baksida mellom Lia og Harpefoss. Eidsiva Breiband AS skal bygge ut.

Trinn 3 skal omfatte husstandar etter Øverbygdsvegen og Frya. Sør-Fron kommune har løyvd 1 243 667 kr, Nkom/staten har løyvd kr 2 205 500. Utbygginga skal ut på anbod nå i vår.

Trinn 4 skal omfatte dei som framleis ikkje har fått tilgang.

Det alle ser er at den statlege delen opplagt blir for liten. Kommunane tek godt over halvparten av ein kostnad staten framover MÅ ta ein betydeleg større del av. Mange rikspolitikarar pratar om at nett må bli like viktig som straum. Ja, har eg ofte tenkt, men slutt å prate om det, og gjer heller noko med det!

Ole Tvete Muriteigen, ordførar i Sør-Fron