I respons til mitt og Sigrid Daae Mæland sitt lesarinnlegg «Norsk oljepolitikk brytar med grunnloven», skrivar Senterparti-medlem, Svein Tvete til lesarane om kva man kan bruke olje til istede for å brenne den og øydeleggje planeten.

Svein Tvete har fleire gode tankar. Heilt einig, det er brenninga og ikkje utvinninga som er hovudproblemet. Og eg trur dette er eit veldig godt forslag til kva vi kan bruke den eksisterande olja til!

Men når det kjem til om vi skal fortsetje å vinne ut olje og støtte regjeringa som vil setje ut nye oljefelt i Arktis, er eg meir skeptisk.

Det er avgrensa kor mykje vi får bruk for av olje når vi ikkje brenn ho opp. Og ikkje like lønsam vil ho bli heller. I tillegg så kan oljesøl øydeleggje veldig sårbare naturområde i Noreg og i Arktis.

Men eg er heller superoptimistisk til dei nye industriane vi heller kan bruke pengane på!

Vi er i ferd med å møte ei verd der vi skal vere meir ressurs-effektive i tillegg til å slutte å brenne olje. Det er ei verd der det er dyrare og vanskelegare å frakte alt vi kjøpe og produserast i Kina. Og då kjem vi til å få ei verd der ein må satse lokalt!

Då kan vi endeleg begynne med lokal mat av høg kvalitet og verdig pris som folk kan føle seg stolte av. Vi kan ha i gang nye jobbar for unge innan produksjon og reparasjon. Og ikkje minst blir det ei moglegheit til endeleg å få satse på Oppland igjen!

Eg trur det er mykje flott å satse på, men utvinning av meir olje frå arktiske område eller bruke mykje ressursar på å hente olje på generelt basis, er ikkje blant dei.

Christoffer Tallerås, medl. Grøn Ungdom og 4.-plass på stortingslista for MDG i Oppland, Lillehammer