Poteta er god, næringsrik og mettande. Det var sagt: Ingen middag utan potet. Slik er det nok for mange enda. Dersom poteta er sein å koke, så del den opp og dampkok, da beheld den næringa.

Poteter kan brukast til så uendeleg mykje, den passar til alt. Har ein poteter er ein aldri matlaus. Nå som mykje er så dyrt, må potet vere det rette for næringsinnhald og for å mette små og store. Det vart sagt at ein vart tjukk av å ete poteter. Dette er avkrefta for lenge sidan. Under krigen vart kokte poteter skiva opp og bruna i steikepanna til kveldsmat. Sikkert for å spare på kaku da mjøl var rasjonert. Bruna poteter var så godt, det er det enda. Og med eit glas mjølk attåt!

Anna-Marie Ørjasæter, Skjåk