GD skal ha all ære for å utfordre Lillehammer til høgskuledebatt under tittelen «Den lunkne høgskulebyen». Spørsmålet er om Storhove skal avviklast til fordel for nytt høgskulebygg i byen. Statsbygg har gjort ein analyse som konkluderer med flytting. Spørsmålet er om Lillehammer er tente med dette?

Det som ikkje går fram av analysen GD viser til, er at eit nybygg først kan stå ferdig tidlegast om 10 år (opplysning frå Statsbygg under allmannamøte på Storhove). Så vidt eg kjenner til har ikkje høgskulen noko alternativ når leigekontrakta med Statsbygg skal reforhandlast neste år. Det vil seie at høgskulen manglar forhandlingskort og må inngå ei ny midlertidig leigeavtale mens ein ventar på nytt bygg.

Eit vedtak om nytt bygg knytt opp mot ny og midlertidig leigeavtale gjer derfor at høgskulen blir heilt avhengige av Statsbygg både på kort (minst 10 år) og på lang sikt. Konsekvensane av eit vedtak om nybygg må vere tufta på ei vurdering av kva Statsbygg, høgskulen og andre interessentar ser seg tente med. Det er denne analysen dei som er glade i høgskulebyen Lillehammer, bør gjere. Her er ein liten start:

– Statsbygg skriv i analysen sin at det er store kostnader med å oppgradere høgskulebygget på Storhove. Med eit vedtak om flytting frå Storhove vil ikkje Statsbygg dei neste åra ha interesse av å oppgradere/ bygge nytt i Lillehammer. Statsbygg vil berre ha interesse av ytre vedlikehald for seinare å kunne selje bygget. Høgskulen vil gå inn i ein periode med stagnasjon og gradvis forfall mens ein ventar på det nye bygget.

Les også

Den lunkne høgskolebyen

– Etter fusjonen med Høgskulen i Hedmark, har ikkje Storhove lenger styring med eiga utvikling. Høgskuleadministrasjonen ligg i Elverum. I Oppland har høgskulen berre ein campus. I gamle Hedmark har dei 4 eller 5! Tyngdepunktet av høgskulen ligg nå på aksen Hamar – Elverum – Rena. I dei neste tiåra vil høgskuleleiinga prioritere knappe middel til dei studiestadane som ikkje skal ha nybygg. Det er sjølvsagt. Ikkje berre Statsbygg, men også høgskuleleiinga vil desse ti åra minimere ressursbruken på Storhove. Dette er ikkje konspirasjonstenking, men enkel driftsanalyse.

– Mange ser det slik at dei to studiestadane som vil ha best utsikt til utvikling framover, er Hamar og Lillehammer. Statsbygg har gjort ei tilsvarande utgreiing for Hamar og også her konkludert med nybygg. Samanlikning av Hamar og Lillehammer vil bli interessant framover. På Hamar er det nemleg slik at Statsbygg har ein konkurrent. Stiftinga til Sparebanken Østlandet kan nemleg tenke seg å bygge nybygg for kompetanseinstitusjonane i byen. Eg er heilt sikker på at dei vil ha eit nytt bygg ferdig raskt. Dei treng ikkje å gå til Stortinget. Det vil heller ikkje forundre meg det minste om dei kan tilby billegare husleige enn Statsbygg.

Grunnen til at Lillehammer ikkje har tilsvarande alternativ er at byen var dum nok til å fusjonere bort sparebanken sin. Stoppar utviklinga av Storhove i neste tiårsbolk har vi også fusjonert bort høgskulen vår. På same måte som at DNB i Lillehammer nå er handlingslamma samanlikna med gamle Sparebanken Hedmark (som nå heiter Østlandet), vil også høgskulen ligge der som ein mergstolen filial.

Spørsmålet er: Kven skal ivareta Lillehammers interesser? Byens politiske leiing kan ikkje stole på Storhove-miljøet. I den fusjonerte høgskulen er alle fagmiljøa splitta opp i fakultet organisert saman med ein av dei mange studiestadane på Hamar, oppover Østerdalen og i Glåmdalen. Det finst heller inga leiing for den einskilde studiestaden. Tenesteorganisasjonane er organisert på same måten.

GD har eit stort poeng. Byen må på bana.

Håvard Teigen, professor emeritus i regional økonomi og politikk