Gå til sidens hovedinnhold

Då det som skulle skape gnist, vart vekke

Leserbrev Dette er et debattinnlegg, skrevet av en ekstern bidragsyter. Innlegget gir uttrykk for skribentens holdninger.


Den gangen då. Hugsar du korleis det var, då me ikkje fekk møtast på arrangement, då alt vart avlyst? Den gangen då.

Ein gang i framtida vil det vere eit ekko, desse setningane og kjenslene det kallar fram. Men ikkje no, for no står me midt oppi det. Midt oppi den gangen då dei fleste arrangement me har sett fram til, vert avlyst, eit etter eit. Midt oppi den situasjonen der ein må klappe seg sjølv på skuldra og sei «bra jobba» fordi sjefen er oppteken i eit teams-møte då ein føler for å ringe og fortelje om ei nyhende. Me er midt i den tida då me må leite fram gnist til å halde fram, inni oss sjølv.

Hjelpes slik som eg lengtar etter dei fysiske møta, den energien som kjem ut av andleta til andre. Den styrken som ligg i eit rom som er fylt av stor vokalprestasjon. Den varmen som kjem frå ei intim scene framført på teater. Den intensiteten som ligg i ein smekka full handballhall. Til og med i dei stressande førebuingane til eit selskap, ligg det ei underkjent kraft. Alt dette gir gnist.

Ikkje visste eg at eg sakna og treng det så veldig, eigentleg. For å vere heilt ærleg. Eg har då mitt liv, mine folk, mann, born og jobb. Eg er jo til og med heldig som faktisk har jobb. Det er rolegare på mange vis, mindre stressande. Eg møter naboar, heldigvis, og gode vener. Eg sit ikkje kun på heimekontor og eg dristar meg til eit og anna fysisk møte.

Men så kjenner eg brått, at no er eg straks nedst i koppen. Den som alltid fyller seg opp, frå ein pause i møte med god kunst. Frå viten om at eg snart skal på utlandstur i ferien. Frå smil og skryt frå ein kollega. Frå kicket av å presentere noko på møter. Frå praten ved kaffimaskina og spenninga på vinlotteriet.

Ein ny sommar står på trappene og det eine arrangementet etter det andre vert avlyst. Mykje av det som skal skape gnist er vekke, kulturlivet lid. Eg håpar at koppen fyller seg opp, i takt med varmen og sommaren. Eg håpar at alle som tør å skape arrangement, får gode vilkår og positive opplevingar. Sjølv så klappar eg meg på skuldra, før eg loggar meg på neste teams-møte, samstundes som eg dristar meg inn på arrangementskalendrar og drøymer litt om det som snart må kome.

Mariann Torfinnsdotter Bjelle, Lillehammer