12 000 medlemmer i ”kua mi får de aldri” både håpar og trur no at styremedlemmane har eit betre gangsyn enn konsernleiinga

Av
DEL

lesarinnlegg


For over 100 år sidan
var det også storfint besøk på Selsverket. I ei lita stove sat Asbjørnsen og Moe og høyrde lokalbefolkninga fortelje segn og historier som dei ivrig noterte ned. I dag veit vi at dette vart nokre av Noregs mest kjente og kjære folkeeventyr. Meir enn 100 år seinare kjem konsernleiinga i samvirkeføretaket Nortura til slakteriet på Otta for å syna fram funna dei har gjort, som skal forsvare å leggje ned eit av konsernets mest veldrivne slakteri. At tilsette, leiing og forbrukarar sit att med inntrykket av å ha høyrt på eventyr eller bestillingsverk frå konsernleiinga, det bør uroa styret i Nortura og alle andre som er glade i bondens forbrukarsamvirke Nortura!

Vi i ”kua mi får de aldri” har på nokre hektiske veker samla 12 000 medlemmar frå store delar av innlandet (og fleire andre stader igjennom heile Noregs langstrakte land) som vil bevara eit moderne og veldrive slakteri på Otta. Hovudfokuset vårt har vore, og er framleis å peike på forbrukarmakta alle sit med. Vi har oppfordra folk til å velje Gilde og Prior. Vi har peika på daglegvarebransja si enorme makt, og pressa dei til å gje Norturaproduktene fleire hyllemeter i butikkane. Vi har også stimulert bonden til å i enda større grad levere dyra sine til Nortura. Vi lyt ta beviste val dersom vi bryr oss om lokale arbeidsplassar, dyrevelferd, berekraftig miljø og kvalitet! Vi har vore Norturas 12 000 beste venner!

Men, jo lengre saka om ein mogleg nedlegging av Nortura Otta har gått føre seg, og jo fleire gode argument som verkar til å prelle av på konsernleiinga i Nortura, desto sterkare vert kjensla av at heile denne prosessen er eit renkespel. Slik dette no ser ut, har enkeltpersonar i konsernet med langvarige kongstankar om eit gigantslakteri på Rudshøgda, for lengst sett seg føre å stenge avdelinga på Otta. Det vi har sett dei siste vekene, med fabrikkbesøk, styremøte, og medlemsmøte, står fram som arrangert og velregissert berre for å gje eit inntrykk utad av at dette er ein slags grundig prosess – medan resultatet var bestemt på førehand. Dette valet er openbert ikkje tatt ut frå Norturas behov som konsern, ut frå dyrevelferd, ut frå eigaranes ynskjer, ut frå bærekraftperspektiv, ut frå markedsanalyser eller ut frå Norturas økonomiske interesser som konsern. Om nokon av desse punkta hadde vore grunnen, ville jo leiinga ha snudd når det gong etter gong har vorte lagt fram dokumentasjon på at desse områda slett ikkje gagnast av å leggje ned Otta. I rapporten, som korkje eigarar eller tilsette får innsyn i, peikast det på at Nortura kan spare 30 millionar ved å leggje ned på Otta ved å overføre alt til Rudshøgda. Minst 20 av desse millionane kan også sparast ved å fortsetja drifta på Otta, då det handlar om noko så diffust som kostnadseffektivisering. Det kan vel så langt eg forstår hentast slike gevinstar uansett kvar du har postnummer? Økonomar, eigarar og andre har plukka rapporten sønder og saman, bit for bit. Vi veit ikkje ein gong om det faktum at Otta ligg i sona for redusert arbeidsgjevaravgift, noko som da vil spara Nortura for ytterlegare 3,5 millionar ved å halde oppe Otta, er tatt med i denne rapporten. Fråfallet som gruppa til Fred Bakkejord har berekna til 19 %, er eit einaste stort eventyr, men kostar også Nortura mange millionar i Otta´s favør.

Det er for meg heilt forunderleg at ikkje resten av konsernleiinga fram til no ikkje har sett foten ned, om ikkje anna for ei kvalitetssikring.

I staden durar dei fram som om dei nemnde grunnane var uinteressante. Så ut over desse moglege grunnane, kva sit vi att med? Så vidt eg kan sjå er det da personlege årsaker som er att. Personlege ynskjer? Personlege idear og visjonar? Personleg forteneste? Å kjenne nokon sin personlege motivasjon er ikkje mogleg, sjølv om ein kan sjå omrisset av den. Men kan verkeleg resten av organisasjonen, og det rundt den, vera så tafatt at dei ikkje evnar å stoppa ein person eller gruppering på innsida, som har valt ein kurs som openbert kan vera katastrofal for heile konsernet?

Tunge myrke uværsskyer heng over Gudbrandsdalen i desse dagar, og uvêr kan spreie seg fort. Dølane har vore ute ei haustnatt før, og har ved fleire høve samla seg og stoppa store trugslar. 12 000 medlemmer i ”kua mi får de aldri” både håpar og trur no at styremedlemmane har eit betre gangsyn enn konsernleiinga. Dette handlar enkelt og greitt om Norturas omdømme og framtid!

Skriv ditt leserbrev her «

DELTA I DEBATTEN! Vi oppfordrer leserne til å bidra med sine meninger, både på nett og i papir

Artikkeltags