Alle gardsbruk bør få ein sjanse til å bli ein bustad

Alle gardsbruk uansett storleik, bør få si sjanse til å bli både brukt og vera ein bustad. Og alle må bli handsama likt, skriv innsendaren.

Alle gardsbruk uansett storleik, bør få si sjanse til å bli både brukt og vera ein bustad. Og alle må bli handsama likt, skriv innsendaren. Foto:

Av
DEL

Leserbrev
Sør-Fron Kommune og Fylkesmannen i Innlandet vil at gardsbruket Smestad skal vera bebudd av eigaren. Han får med det ikkje lenger fritak frå buplikta, og eg er samd i vedtaket. Men, når ein ser på andre saker i denne kommunen, kan ein undre seg stort. Slik vitjar det om forskjellshandsaming, og underleg tolkning av forvaltninga av landbrukseigedomar, spesielt frå fylkesmannen si side.

Nyleg vart norde Segelstad seld til nabogarden. Ein mykje større og utan tvil ein gard som det går an å leve av. Ikkje var det for å styrke grunnlaget på garden som fekk kjøpe heller. Så er det heller ikkje så veldig lenge sia Amundgard vart «slakta», som tilleggsjord og fråskild setra. Også dette ein gard som det hadde gått fint an å få mykje ut av. Så har vi døme på småbruk, som har oppfyllt buplikta ved å ha postaddressa si der i fem år. Seinare kan husa stå tome og forfalle.
Om bruka er «til å leva av eller med», er opp til dei som eig dei. Dei fleste har i dag eit arbeid ved sida av, iallefall ein av partane. Slik sett er det få som lever av gardsbruket åleine.
Alle gardsbruk uansett storleik, bør få si sjanse til å bli både brukt og vera ein bustad. Og alle må bli handsama likt.

Fride Gunn Rudi, tidligere sørfrøning

Skriv ditt leserbrev her «

DELTA I DEBATTEN! Vi oppfordrer leserne til å bidra med sine meninger, både på nett og i papir

Artikkeltags