At ei mor blir stempla som gammaldags og bakstreversk fordi ho ynskjer å bruke meir tid med barna, gjer meg trist

Av
DEL

lesarinnlegg
På TV2 er det to program som heiter «Tid for hjem» og «Tid for hage». Dette innlegget handlar om «Tid for barn».
Midt under nedstenginga av Norge møtte eg ein far på butikken. Han sa at han alltid hadde brukt mykje tid på barna, men at kvardagen alltid var eit pes og mas for å rekke alt ein ikkje har tid til. Nå, når dei måtte jobbe frå heime og vere heime med barna, hadde han lært å kjenne dei på nytt – i positiv retning – og ville prøve å prioritere på ein annan måte i ettertid.

Debatten går nå på at 4- eller 5-dagars veke for dei minste på skulen handlar om likestilling. Likestilling for kven? Så lenge det er eit SFO-tilbod for dei som vil eller må jobbe fem dagar i veka, kan da ikkje dette handle om likestilling?

Det handlar om organisering av kvardagen, etter mitt syn. Det blir sagt at der det er 4-dagars skuleveke er det mor som blir heime. Det må da den enkelte familie bestemme sjølve?

Nå er det vel kanskje slik også at mange mødre jobbar 100 % i turnus-stillingar og har litt andre arbeidstider enn når barna er på skulen? Da kan det vere fint med ein fridag med tid til barna midt i veka.

At ei mor blir stempla som gammaldags og bakstreversk fordi ho ynskjer å bruke meir tid med barna, gjer meg trist. At ein far ville velje slik, håpar eg da blir sett på som framsynt og innovativt.

Arbeidslivet er mangfaldig, og det er ikkje alle som jobbar 09-16 frå måndag til fredag. Vi har mange som jobbar kveld, natt og helger også. Vi har også familiar der den eine vekependlar. Dei skal også få tida til å strekke til. For ein familie er det ein stor kunst å få dagane til å gå i hop og det kan til tider vere eit puslespel som ikkje alltid går opp.

Eg ynskjer eit samfunn som legg til rette for at dei som ynskjer og har høve til det kan prioritere tid for barna, uavhengig av om det er mor eller far. Da kan ein dag midt i veka dei fyrste åra på skulen vere eit fint pusterom. Så må vi legge til rette for at dei som jobbar full tid midt i veka også får tida til å henge saman. Det handlar om friheit til å velje det som din familie ynskjer og jobben din krev av deg. Det er på ingen måte gammaldags.

Aud Hove, fylkesvaraordførar Innlandet fylke (Sp)

Skriv ditt leserbrev her «

DELTA I DEBATTEN! Vi oppfordrer leserne til å bidra med sine meninger, både på nett og i papir

Artikkeltags