«Du må ikke tåle så inderlig vel den beslutning som ikke rammer deg selv»

Nord-Sel: Skuleanlegget skaper fortsatt strid, også etter nedlegginga av skulen.

Nord-Sel: Skuleanlegget skaper fortsatt strid, også etter nedlegginga av skulen.

Av
DEL

lesarinnleggFor første gong på mange år, er det ekstra spennande med kommunevalet i Sel. Arbeiderpartiet har sete med makta i 91 år, men nå seglar Senterpartiet i medvind. Dette er nok ikkje så lett å svelgje for dei som sit med makta. Det er heilt tydeleg at Arbeiderpartiet i Sel nå er redde for å miste fleirtalet i kommunestyret, forståeleg nok. Det er lett å sjå desperasjonen deira. På Nord-Sel er dei febrilske etter å vise at dei jobbar hardt for å få til ein gangveg, og dei prøver å overtyde selveren om at dei kjem til å satse på oss nordpå Sel. I same andedrag set dei spørsmålsteikn ved Sp sitt engasjement for bygda vår.

Vi har ikkje dårleg hugs! Det møtte ingen elevar til første skuledag på Sel i år, fordi Arbeiderpartiet gjekk inn for nedlegging. Vi har ikkje gløymt det, og vi har heller ikkje gløymt at det var Senterpartiet som stemte imot. Da hjelper det lite at Ap nå prøver å overtyde oss om at dei satsar på Nord-Sel. Vi veit at Sp er oppteken av at det skal vera liv i grendene, og vi har difor tillit til at dei kjempar for både byen og grendene rundt. Dei treng ikkje skrive spesifikt kva dei vil gjera på kvar enkelt stad. Tilliten er der. Derimot er tilliten til Ap så til dei grader tynnsliti at vi har problem med å stole på det dei skriv i valprogrammet sitt, med to store løftebrot frå inneverande periode friskt i minne. No har i tillegg retorikken til Ap snudd. Vi høyrde lite om dårleg inneklima på Otta Skole da skulen vår skulle leggjast ned, og det var lite gehør å få då vi prøvde å påpeike dette. Nå derimot, er dette eit velbrukt argument for å få fortgang i bygginga av ny skule på Elvebakken. Det er lite tillitsvekkjande at dei kan snu på flisa så fort.

For berre nokre dagar sidan fekk vi nok ei kjensle av mistillit og makteslausheit. 2.september vedtok kommunestyret, med Ap i spissen at Sel Skule skal seljast, og at Kvitbygget skal leigast ut til barnehagen ved eit eventuelt sal. Dette gjer oss usikre på kor lenge vi får behalde barnehagen på Sel. Vi får kjensla av at dette berre er ei midlertidig løysing, og at kommunen ønskjer å fråskrive seg ansvar for bygget ved å berre leige. Med ein privat kjøpar av skulen har ein ingen garanti for at bygget blir haldt vedlike, og dessutan veit ein ikkje om ein får kjøpar i det heile. Ei heller kor mange år det går før ein eventuell kjøpar vil selje bygget på nytt. Det er mange usikre moment rundt eit sal, og framtida for barnehagen blir dermed usikker. Senterpartiet sitt forslag om å dele frå Kvitbygget før salet, hadde vore ei mykje meir føreseieleg løysing for barnehagen vår. Vi kjenner oss makteslause fordi vi som innbyggjarar på Sel nok ein gong ikkje blir høyrt av dei som alltid har det siste ordet i kommunestyret, nemleg Arbeiderpartiet.

Vi ønskjer oss ein kommune som folk vil bu i, at ressursane blir jamt fordelte og at politikarane har evne til å lytte til folket. Vi ønskjer oss levande grender og at dei folkevalde legg til rette for dette. Samstundes må Otta som regionsenter utviklast, utan at det går bekostning av utkantane. Ingen i kommunen er tent med sterk sentralisering inn mot Otta. Fleire må få opp augo og sjå dei ressursane og potensiala som ligg utanfor bykjerna. Vi stemmer for ljos i alle glas og ein inkluderande politikk, der alle kan gjere ein forskjell, utan partipisk og møter på kammerset.


Mari Midtli og Synne Grothe, Sel

Skriv ditt leserbrev her «

DELTA I DEBATTEN! Vi oppfordrer leserne til å bidra med sine meninger, både på nett og i papir

Artikkeltags