Elevane si stemme er viktig

Av
DEL

debatt
Fylkeskommunen tek mange avgjersler som i sum påverkar utviklinga av Innlandssamfunnet på fleire felt, eitt av dei er skule. Med eitt slikt ansvar er det viktig at skuleeigar og politikarar spør seg: Korleis kan fylkeskommunen ta best mogeleg avgjersler og gjere dei rette prioriteringane? Ein god plass å starte er med medverknad frå aktuelle partar. I saka elevrådsleiar ved Lillehammer vidaregåande skule gjekk ut med førre veke, er det tydeleg mangel på nettopp elevmedverknad i prosessen.

Elevrådsleiar ved Lillehammer vgs. stod fram med bekymring for kutt i fagtilbodet på dei vidaregåande skulane. Å kutte språktilbodet vg3 elevar i Oppland tidlegare hadde, er ei relativt stor avgjer. Det vil påverke språkkompetansen og valmoglegheitene vidare for mange elevar i fylket, ikkje berre i år men truleg i lang tid.

Tilbodet i Oppland var organisert slik at elevar fekk mogelegheit til vidare spesialisering i språk sjølv på små skular der det var få søkjarar til faget. Undervisninga bestod av ein kombinasjon av undervisning i klasserom, digital undervisning og felles språkreise for elevar frå dei ulike skulane. Det er med andre ord eit fleksibelt tilbod som styrkar og moglegheita for små skular å hevde seg mot større skular med breiare fagvifte.

Elev- og lærlingombodet stiller seg ikkje bak den eine eller andre prioriteringa til kompetanse- og tannhelsesjefen her, men understrekar viktigheita av medverknad i prosessen fram mot avgjersla. Det er behov for openheit rundt og debatt om kva som er til det beste for elevane våre, for skulane, for distrikta og for Innlandet i eit framtidsperspektiv. Med ein god prosess om prioriteringar og innsparing i vidaregåande opplæring, som involverte elevar, ungdommens fylkesråd (UFR) og andre aktuelle partar, ville kompetanse- og tannhelsesjefen no stått stødigare i sin avgjersle.

Vidaregåande elevar er nesten vaksne, nokon er og fylt 18 år. Dei har lang erfaring som elevar etter fullført grunnskule, og gryande erfaring som medborgarar som deltakarar i fritidsaktivitetar, lag og organisasjonar. Inn mot vidaregåande spissar dei interessene sine, vel programfag og fagkombinasjonar og med dette startar dei prosessen med å finne sin retning.

I denne prosessen er det viktig å sleppe ungdommane til. La dei få ei oppleving og forståing av korleis alt heng saman, skulepolitikken er eitt eksempel. Som ein tidlegare elevrådsleiar sa til meg: å vere i elevrådet er fantastisk, ein kan teste ut ting, gå på snørra, og så er det mange gode lærarar der som plukkar deg opp igjen og viser veg. Det han beskreiv var ein god læringsarena. Menneske lærer best gjennom, ikkje av. Dette er opplagt. Me lærer heile livet, og som voksen veit me at ein lærer gjennom å prøve ut ting, utfordre oss sjølve, vere med på ting etc. Elev- og lærlingombodet er bekymra for at ungdommane våre bruker for lite av tida på skulen til å kikke rundt seg og reflektere over paralellar mellom liv og lære.

Elevane i vidaregåande i Norge er produkt av vårt eige utdanningssystem. Med høge krav i individuelle fag får ein inntrykk av lite rom til tverrfagleg samarbeid, alternative læringsarenaer (korona viste oss at me kan få til mykje digitalt), og skulerelatert arbeid som ikkje direkte passar inn i læreplanmål. Stress og press fører til at elevane i mindre grad løftar hovudet og tar sjansen på å «lære gjennom». Det krev gjerne litt meir, men forsking viser at gevinsten er mykje større.

Elev- og lærlingombodet får høyre: «elevane våre har det så bra, så da ser dei ingen grunn til å engasjere seg i elevrådet». Ombodets påstand er at det ikkje er fordi dei har det så bra, men at det ikkje er lagt til rette for engasjement ut over det konkrete arbeidet i timane.

I møte med rektorane på skulane våre opplever omboda eit ynskje om å styrke elevdemokratiet. Når tema er sett på agendaen får me mange gode innspel – skulane deler gode erfaringar og fortel om nytteverdien. Utfordringa ligg kanskje i at det ikkje blir gitt tid og rom til medverknad. Det blir tatt for gitt, på lik linje som samarbeid ofte blir tatt for gitt.

Debatt er nyttig. Elevane si stemme er viktig. På skulen er medverknad viktig fordi det gir viktig lærdom for livet og styrker trivsel, kjensla av å høyre til og helse ved å fylle behovet me har for å bestemme over eige liv (sjølvbestemmelse). Medverknad styrkar relasjonar og det gir betre grunnlag for gode avgjersler.

Ombodet vil derfor oppmode fylkeskommunen som skuleeigar å sette elevmedverknad på agendaen, legge til rette for å vidareutvikle arbeidet på skulane på dette området og til sjølve ta med elevane i viktige skulepolitiske avgjersler. Det er mogeleg.

Eirin Førsund Feiring , rådgjevar for elev- og lærlingombodet, Innlandet


Fakta


Elevråd: Rådgjevande organ som består av tillitsvalde frå klassane. Det skal veljast minst ein tillitsvalt per 20 elevar. Desse utgjer elevrådet og skal blant anna arbeide for læringsmiljøet, arbeidsforholda og velferdsinteressene til elevane.
Elevdemokrati: alle elevar, i kraft av sin status som elev, er del av elevdemokratiet.


Skriv ditt leserbrev her «

DELTA I DEBATTEN! Vi oppfordrer leserne til å bidra med sine meninger, både på nett og i papir

Artikkeltags