Flomsikring av Bøvra

Elva Bøvre, som renn gjennom Lom sentrum, har fleire gonger vist musklar, som her i 2011. (Arkivfoto)

Elva Bøvre, som renn gjennom Lom sentrum, har fleire gonger vist musklar, som her i 2011. (Arkivfoto) Foto:

Av
DEL

lesarinnlegg

Lom Arbeidarparti er spurde om å hjelpe til for å sjå på kva som kan gjerast for å sikre mot flaum i Lykkja. Ved flaumen i oktober 2018 gjekk Bøvra inn på eigedomen i Lykkja 2. Den grov ut mykje masse langs elva, inn mot mellom anna garasja på eigedomen. Etter flaumen var over og i tida fram til no, har det nedanfor Lykkja 2 lagt seg opp meir masse og stein.

Det er spesielt på sida mot Lykkja, men og på motsett side. Dette er bekymringsfullt. Når flaumen evt kjem, så har vatnet mykje mindre plass å renne på. Det er større risiko for at det vert liggjande att meir stein og masse.

Elva er smal og redselen for at elva kan demme seg opp er reell. Skjer dette må Bøvra ta nye vegar. Da vil ho kunne gå inn på eigedomane i Lykkja, og kan ta vegen over mot bensinstasjonen og Fossbergom.

I Fjuken den 2.mai var det fokusert på risikoen ved flaum i Bøvra.
Ordføraren vart utfordra på å ta tak i denne problematikken.

Han svarar:
«Når det gjeld varselet om mogleg storflaum frå NVE, er det er lite truleg at det vil ramme Bøvre slik som hausten 2018.»

Det er ikkje rett at vi må ha full kartlegging for å kunne gjere krisetiltak. Vi var i kontakt med NVE den 29.april og fekk til svar at krisetiltak i forhold til ein evt flaum kan setjast igang utan kartlegging. Dette uavhengig om kartlegging allereie er i gang i området.

Skjåk vart svært hardt ramma av flaumen i 2018 og driv som Lom med kartlegging av tiltak mot flaum. Verken i Lom eller Skjåk er rapporten med dette arbeidet klart. Kartlegging i forhold til området Lom Camping-Lykkja, kjem den 20.juni, dette kan vera i seinaste laget.

Vi har vore i kontakt med administrasjonen i Skjåk om korleis dei har førebudd seg på ein eventuell vårflaum i 2020.
Der fekk vi følgjande saksopplysningar: 8.april vedtok formannskapet i Skjåk å bevilge kr 180 000 til krisetiltak. Søknad gjekk frå kommuna til Fylkesmannen, Fylkeskommunen og NVE. Dei som mottok søknaden hadde forståelse for at det var viktig med rask behandlingstid, og graving var igang mandag den 27.april.

Kva for garantier kan ordføraren gje for at det ikkje trengs å setje i gang krisetiltak inn mot Bøvre ved Lykkja nå? Skal vi verkeleg satse på at dette går bra, eller skal vi prøve å gjere noko med Bøvra nå?

Ut i fra erfaring med dei siste flaumane i Bøvra har det vore nære på i Lykkja. Slik sett vurderar vi risikoen og sansynlegheita for skade som stor.
Lom Ap ser med uro på situasjonen på vegne av innbyggjarane i Lom, og ber om at dette vert teke tak i nå. Vi er opptekne av at innbyggjarane i Lom skal føle seg trygge.
Vi vil ta saka opp til politisk handsaming, og oppfordrar ordføraren til å ta dette opp som hastesak.

Bjørn Ola Aukrust, leiar, Lom Ap

Skriv ditt leserbrev her «

DELTA I DEBATTEN! Vi oppfordrer leserne til å bidra med sine meninger, både på nett og i papir

Artikkeltags