Frivillige i eldreomsorgen

Av
DEL

LeserbrevDette er et debattinnlegg, skrevet av en ekstern bidragsyter. Innlegget gir uttrykk for skribentens holdninger.Det er fleire enn eg som blir lei oss når kommunar vil kutte hjelpa til dei eldre som bur heime. Det blir sagt at det er så viktig at vi bur heime så lenge som mogleg, men da må vi vera sikre på at vi får den praktiske hjelpa vi treng. Meir enn ein gong har vi sett at det er på dei sjuke og svakaste blant oss det skal sparast, men da er det vel på tide at vi seier ifrå at tida er komen til at det er sløsing på andre områder.

Kanskje all bygging av nytt kunne stoppast ved at kommunen vedlikeheld dei eigedomane dei har?

Slik det er nå, blir det brukt midlar på riving og planlegging av alt nytt. Nei ,ta vare på det vi har og bruk midlane på dei som har arbeidd eit langt liv. Det er ikkje mange frivillige som greier å gjera den jobben kommunane treng, så lat dei yngre få arbeidsplassane.'

Torgunn Holm Maurset, Gausdal, pensjonist

Skriv ditt leserbrev her «

DELTA I DEBATTEN! Vi oppfordrer leserne til å bidra med sine meninger, både på nett og i papir

Artikkeltags

Kommentarer til denne saken