Full støtte til landsline i friluftsliv

Av
DEL

LeserbrevDette er et debattinnlegg, skrevet av en ekstern bidragsyter. Innlegget gir uttrykk for skribentens holdninger.
Det er gledeleg med så stort engasjementet for ei landsline for friluftsliv ved Nord-Gudbrandsdal vidaregåande skule avdeling Lom. Dette har det vore jobba med over fleire år og no er regionen komen så langt at dei ynskjer å løfte dette opp til ein søknad. At regionrådet for Nord-Gudbrandsdal gjekk inn for dette lovar godt og dette smitta over på Innlandet fylkesting også.

Det er mange som har lufta og lyfta dette temaet over fleire år. Regionen er i hjartet av Fjell-Norge og har lange tradisjonar for bruk og forvaltning av fjellet. Frå tidenes morgon har fjella vore brukt til jakt og fiske og som transportårer mellom aust og vest. Det har vore funne tydeleg spor på dette over fleire år der Oppland fylkeskommune har gjort ein stor jobb i å sikre det som smeltar fram frå isen. Det har vore ein aktiv bruk av fjellet innan landbruk med beite og seterdrift. Fjellet var ein stor og avgjerande ressurs for matauke og i forlenging av gardsbruket for dei som budde i Nord-Gudbrandsdalen. Oppland fylkeskommune var også sterkt inne for å få realisert Klimapark 2469 som viser korleis klima påverkar oss.

Det er mange sterke fagmiljø på fjell og turisme i dette området. Skjåk Almenning med si forvaltning av rein og utmark som har vore restriktive på turisme. Det er reiselivet i kommunane med fokus på friluftsliv og det enkle og spennande livet i fjellet der spesielt Jotunheimen har vore ein besøkspark. Vi har seks nasjonalparkar i Nord-Gudbrandsdal med Rondane som den som fyrst vart etablert. Desse dekker store delar av fjella og dei har nasjonalparkforvaltarar som skal sørge for å sikre vernet i kombinasjon med lokal bruk saman med sine verneområdestyrer. Vi har mange som sit i ulike fjellstyre som har viktig og god lokal kompetanse for bruken av fjellet.

Fjellsenteret og Norsk fjellmuseum har bygd seg opp eit godt fagmiljø og det blir jobba med å få eit Nasjonalt kompetansesenter for fjellredning til Lom. Dette har også Oppland, og nå Innlandet fylkeskommune, støtta. Vi kunne sikkert nemnt meir og fleire, men det er mange lokalt som både ser nytten og verdien av å både bruke og bevare fjellet for framtidige generasjonar i det lokale initiativet vi har sett i denne saka.

Men det er slik at det er ikkje berre i Nord-Gudbrandsdal vi treng kunnskap og erfaring kring dette. Derfor ligg alt til rette for å bygge opp eit tilbod for ungdom frå heile landet her som gjer at dei får både praktisk erfaring og fagleg kompetanse på kor viktig det er å forvalte på naturen sine premisser og samtidig sjå moglegheitene våre fjellområde kan gje oss.

Dette kan bli eit tilbod til alle fjellinteresserte ungdommar som kunne tenkje seg å lære meir om naturbasert turisme, friluftsliv, forvaltning av naturen og korleis ein kan bruke dei moglegheitene naturen gjev på ein berekraftig måte som kjem sine lokalmiljø til gode. Vi treng heilårsarbeidsplassar innan reiselivet i heile Norge, vi treng kompetente folk som forstår det lokale og det globale innanfor naturforvaltning og dette kan vere spiren som gjer at ungdom satsar på friluftsliv.

Visjonen til Innlandet fylkeskommune er – Eventyrlege moglegheiter. La oss bruke dei.

Aud Hove (Sp), Mai Bakken (SV), Even Eriksen (Ap), fylkestingsrepresentantar

Skriv ditt leserbrev her «

DELTA I DEBATTEN! Vi oppfordrer leserne til å bidra med sine meninger, både på nett og i papir

Artikkeltags